Fritid | 03. feb. 2024

Nasjonal utedag søndag

Gratis aktivitetsdag 14 stadar i Hordaland, inkludert Os.

Nasjonal utedag søndag
Kom deg ut-dagen i februar 2021 var òg på Øvreeide Gard. (Foto: privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 03. feb. 2024 14:01

Bergen og Hordaland Turlag fortel om 14 arrangement ulike stadar i Hordaland.

Os Turlag er eitt av turlaga som skal i sving i morgon.

– Vi byr på mange aktivitetar, frå TurTip-konkurranse og hesteriding til fuglekassebygging og skyting med pil og boge, fortel Jorunn Nytræ.

Arrangementet er gratis, i tillegg deler Os Turlag ut gratis hotdog til ungane. For vaksne og ungar er det også open kiosk på besøksgarden.

– Gjennom gode naturopplevingar, enkelt friluftsliv og kjekke aktivitetar ønskjer vi å legga til rette for eit langt, sunt og godt forhold til det å vera ute, uttaler Bergen og Hordaland Turlag, glad for at mange lokale turlag engasjerer seg denne dagen.

Det er meldt regn på formiddagen i morgon, men vêret skal letta akkurat rundt klokka 12, når Kom deg ut-dagen startar.

Øvreeide gard har dessutan fasilitetar under tak, så du kan gå inn og ut som du vil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.