Lokal | 29. des. 2019

Nedbørsmengdene trugar trafokiosk og bustad

Brannvesenet og kommunen har rykt ut på kvar sine oppdrag.

Nedbørsmengdene trugar trafokiosk og bustad
Os brannvesen er ute med pumpene i kveld. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 29. des. 2019 21:27

Det har, som meldt, kome store nedbørsmengder i dag.

Ole Bulls veg blei, som vanleg ved store nedbørsmengder, stengt med bom grunna fare for ras.

I 19-tida blei E39 delvis oversvømt på Kaland, og manuell dirigering blei naudsynt.

Trafotrøbbel på Søfteland

Seinare på kvelden kom det to meldingar i Os om problem i samband med nedbørsmengdene.

– Ei drenering i botnen av Langedalen, på Søfteland-sida, tar ikkje unna nok vatn. Bekken går over vegen og trugar ein trafokiosk, fortel teknisk vakt Robert Flister.

Teknisk eining er i 22-tida på staden for å grava ei midlertidig grøft så bekken blir leia vekk.

Vatn trugar kjellar

Samtidig har Os brannvesen sendt ut to mann til Myrvollen.

– Eg er ikkje sikker på om vatnet har kome inn i bustaden, eller om det foreløpig berre er faretrugande nær, men vi har sendt ut to mann med pumper for å bistå, fortel varabrannsjef Erik Walden.

Nabolaget har hatt problem før. I juni blei store verdiar i garasje og kjellar skadd i flaum.

Oversvømt skule i Fusa

Ifølgje BT har vatn trengt inn i ein skule i Strandvikvegen.

Vaktmeister ba om hjelp og brannvesenet er på plass med pumper.

Lettare vêr måndag

Nedbørsmengdene er venta å avta i natt.

Yr melder opphaldsvêr gjennom måndagen, Storm melder regn gjennom heile dagen, men ikkje dei same mengdene som i dag.

Nyttårsaftan, tysdag, er det meldt opphaldsvêr, lettskya og 1-3 m/s vind - men ifølgje Storm med fare for nokre dropar regn på kvelden.

Også 1. nyttårsdag, når Bjørnafjorden kommune skyt opp fyrverkeri i Fusafjorden, er det meldt lite vind, men litt nedbør.

Temperaturane skal halda seg godt på plussida i minst ei veke til.

• Vêrvarsel for Osøyro på VG Pent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.