Politi | 03. apr. 2023

Nedlagt barnehage utsett for hærverk

– Det er blant anna knust ei rute.

Nedlagt barnehage utsett for hærverk
Den gamle, nedlagte barnehagen på Skeie blir no brukt som lager. (Bilde frå 2021, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 03. apr. 2023 10:29

Søndag i 19.50-tida fekk politiet melding om skadeverk på den nedlagte barnehagen i Skeismyra.

– Det er blant anna knust ei rute. Vi hadde ingen operative tiltak, men varsla kommunen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Delar av bygget blir brukt som lager, og har vore utsett for hærverk før, blant anna i 2018.

Tidlegare på dagen i går, i 14.15-tida, fekk politiet melding om ungar på taket på gymsalen til Os barneskule.

– Det blei observert at dei kasta ein sykkel ned frå taket, og at ungane sykla av garde på denne sykkelen.

Forbipasserande varsla om ungar på dette taket søndag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Forbipasserande varsla om ungar på dette taket søndag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Politiet var ikkje ute på staden.

Søndag ettermiddag klokka 16.20 fekk politiet melding om funn av eit kjennemerke tilk eit køyretøy.

Skiltet er levert til eigar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.