Politi | 27. mars 2023

Har mistanke om at brannen på Søfteland var påtent

Branntillaupet starta i eit tøystykke på toalettet.

Har mistanke om at brannen på Søfteland var påtent
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. mars 2023 07:54

Fredag klokka 20.12 varsla 110-sentralen om utrykking til Søfteland barneskule.

Forbipasserande varsla då dei høyrde at ein alarm kimte inne i skulebygget.

Bjørnafjorden brann og redning sendte inn to røykdykkarar. Dei fann eit teppe som ulma, tok dette ut og ventilerte bygget.

Søfteland barneskule. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògRøykutvikling på barneskule

Politiet oppretta sak, og fortel i dag at dei mistenker at brannen er påtent.

– Eit tøystykke eller eit saueskinn kan sjå ut til å vera påtent inne på eit toalett på skulen, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

Midtsiden har foreløpig ikkje fått svar på om det var teikn på at uvedkomande hadde tatt seg inn på skulen denne kvelden.

Turgåarane som varsla om brannen skal, etter det Midtsiden kjenner til, ikkje ha observert folk i området i samband med at alarmen gjekk.

Artikkelen blir oppdatert når vi får svar.

Også då det var brann i den nedlagte barnehagen i same område i fjor, var det mistanke om at brannen var påtent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.