Kultur | 18. nov. 2021

– Nei, datta kan vi ikkje bruka

Bestseljarane «De To Vitse Menn» rir snart inn på scenen.

– Nei, datta kan vi ikkje bruka
Thomas og Jan Helge rider igjen, men blir litt skvetten på tanken av at det kjem to nesten fulle salar for å sjå showet. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. nov. 2021 20:09

I mars fortalte «De To Vitse Menn», lokalkomikarane Thomas Helgesen og Jan Helge Corneliussen, at dei var klare for nok eit show i Oseana.

Dagen før premieren har dei selt to nesten fulle salar, rundt 350 av 500 sete fredag og 400 laurdag.

Begge kveldar blir runda av med sokkadans i 1. etasje på Oseana.

– Det er jo livsfarleg, seier Thomas, open på at han er ein smule nervøs før showet.

– Det er eit ganske massivt inntrykk for oss på scenen når salen byrjar å bli full. Men det er jo kjekt at mange kjem, at vi omtrent fyller salen to kveldar på rad.

Det er det ikkje mange andre som klarer.

Som pendlar til Odda har Thomas måtta bestilla foreldresamtale med lærar Cornel for at dei skulle få tekstane ferdige. (Foto: Ørjan Håland)
Som pendlar til Odda har Thomas måtta bestilla foreldresamtale med lærar Cornel for at dei skulle få tekstane ferdige. (Foto: Ørjan Håland)

– Heldigvis har de hatt god tid. Showet var vel ferdig skrive i august?

– Langt ifra! Dei tre siste vekene har vore intensive med både skriving og øving. Vi hadde naturlegvis skrive ein del tidlegare, men då vi drog det fram no, tenkte vi «dette kan vi ikkje bruka!»

Kompisen Corneliussen tar det heile meir med ro.

– At eg er litt avslappa til ting er kanskje både ei styrke og svakheit, seier læraren som har to jubileum å markera denne helga.

Han har fylt 50 år sidan sist og han er oppe i 25 år som tilsett i kommunen.

– Kor tid er du og Thomas best i lag, og kor tid fungerer de ikkje så godt saman?

– Eg trur svaret på begge er at Thomas er veldig opptatt av detaljar. Eg kjem med ein vits, og er nøgd med den, han tenker på overgangar og kor mange sekund det skal gå før musikken kjem.

Også musikken utgjer eit skilje for dei to.

– Eg har jo ikkje noko å koma med når det kjem til song, sjølv om eg visstnok syng greit som andrestemme.

– Men eg hentar det inn igjen på dans, det er nesten utruleg at eg aldri fekk pokal på Madammen i si tid.

På spørsmål om kva dei skal vitsa med, er begge meir ordknapp. Men Thomas avslører litt.

– Det korte stuntet under Den store Bjørnafjorden-festen rett før pandemien er jo einaste innslag vi har hatt etter nytt politisk styre, så vi må jo spola litt tilbake til maktskiftet og ta eit skikkeleg farvel med Terje.

Å sjå nokon med munnbind 7. mars 2020 fekk folk til å gapskratta. 12. mars stengte Noreg ned. (Foto: KVB)
Å sjå nokon med munnbind 7. mars 2020 fekk folk til å gapskratta. 12. mars stengte Noreg ned. (Foto: KVB)

Etter den same festen skal det ha blitt sendt eit brev med klage på dei to skøyarane. Ikkje fordi dei kom sprettande inn på scenen med munnbind, noko alle lo av (skal vi liksom byrja sånn som i Kina) - men fordi dei gjorde narr av Fusa-sida av fjorden.

– Det blir ikkje betre denne gongen, det kan eg lova, seier Thomas og ler.

– Og skal vi spola tilbake til 2019 så har vi eit langt lerret å bleika. Det er bra vi har kvelden på oss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.