Fotball | 26. juli 2015

Ni lag til Norway Cup

Ni lag frå Os Turn og Nore Neset er på årets Norway Cup. Her får du ei samla oversikt over når og kor dei speler.

Ni lag til Norway Cup
I dag brakar det laus på Ekebergsletta (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamresøndag 26. juli 2015 08:23

1639 lag, noko som er ny rekord, deltek på årets Norway Cup. Sju av desse er frå Os Turn, to av dei frå Nore Neset.

I år stiller Os tre lag i G19 og G16 og eitt lag i J16. Nore Neset har to lag i G16.

Eitt av høgdepunkta i årets cup blir måndag klokka 11.05 på Ekeberg 3 kor jentelaget møter Bossmo Yttern i den direktesendte TV2-kampen. Kampen går på TV2 Sportskanalen.

Her er oversikta dag for dag for alle dei ni laga:

Søndag
10.00: Rustad 4, Os 1 - Askøy 2 (G16)
12.00: Ekeberg 16, Os 1 - Strømsgodset (G19)
12.00: Ekeberg 15, Nesodden 3 - Os 3 (G19)
13.15: Valle Hovin 2, Os 2 - Spydeberg (G19)
14.30: Bjølsen 1, Nore Neset 2 - Haugsbygd (G16)
15.30: Rustad 3, Os - Vind 1 (J16)
15.30: Rustad 1, Stranda - Os 2 (G16)
16.30: Bjølsen 6, Os 3 - KFUM 1 (G16)
16.30: Bjølsen 1, Nore Neset 1 - Skarp (G16)

Måndag
11.00: Ekeberg 9, Nordre Land - Os 1 (G16)
11.05: Ekeberg 3 (TV2), Bossmo Ytteren - Os (J16)
12.00: Valle Hovin 1, Os 3 - Hallingdal/Geilo (G19)
14.30: Abildsø 4, Os 2 - Steinkjer (G16)
14.30: Rustad 2, Os 3 - Lommedalens(G16)
17.30: Abildsø 3, Fagernes - Nore Neset 1 (G16)
18.30: Ekeberg 18, Nore Neset 2 - KFUM 5 (G16)
20.30: Rustad 1, Surnadal/Ringdal 2 - Os 1 (G19)
20.30: Ekeberg 17, Os 2 - Farsund (G19)

Tirsdag
11.00: Ekeberg 9, Os 1 - Eintracht Emden (G16)
12.00: Rustad 1, Bergsøy - Os 1 (G19)
13.15: Abildsø 1, Os 3 - Idd (G19)
13.15: Ekeberg 13, Avaldsnes - Os 3 (G16)
14.30: Abildsø 4, Os - Hinna (J16)
16.30: Ekeberg 18, Os 2 - KFUM 2 (G16)
17.30: Ekeberg 15, Øvrevoll H - Nore Neset 1 (G16)
18.30: Bjølsen 3, Erdal/Ask - Nore Neset 2 (G16)
19.30: Ekeberg 14, Bækkelaget - Os 2 (G19)

Merk at kampar kan bli flytta grunna vêr- og banetilhøve.

Fakta om Norway Cup 2015

1639 lag
32000 deltakarar
52 nasjonar
80 baner
4200 kampar
400 dommarar og 72 observatører
35 innkvarteringsskuler
22 hotell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.