Sport | 12. aug. 2013

NM-sølv til Marco

I lyn og torden køyrde Marco Matre inn til NM-sølv i MX2 Ungdom på Re i Tønsberg. William Havsgård tok bronsen.

NM-sølv til Marco
Marco Matre tok NM-sølv i MX2 ungdom i helga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 12. aug. 2013 11:35

Før den tredje og siste NM-runden i motocross låg William Havsgård og Marco Matre på henhaldsvis 1. og 3. plass i MX2 ungdom (køyrarar til og med 18 år). Den siste runda gjekk på Re Motorklubb si bane i Tønsberg i eit ufyseleg vêr sundag.

– Det første heatet blei raudflagga då det lyna, tordna og bøtta ned med hagl.

– Lynea var så nære at det var til fare for flaggvaktene og oss som køyrde.

– Heldigvis hadde vi køyrd så mange runder at heatet blei tellande, fortel Marco Matre.

Han køyrde seg inn på ein fin tredje plass med klubbkompis William Havsgård på plassen bak.

Blautt og vanskeleg

Det andre heatet blei køyrd etter at det verste uvêret hadde lagt seg.

– Det var vanskelege tilhøve og skikkeleg blautt på banen.

– Eg fekk ikkje til eit like godt løp som i 1. heatet og låg bak William, men han var uheldig og fekk stopp på sykkelen mot slutten, noko som gjorde at eg kom meg forbi og sikra 2. plassen.

Matre køyrde inn til 4. plassen i heatet og 2. plass samanlagt. William Havsgård kom seg inn til 6. plass, trass trøbbelet med sykkelen og dermed òg 3. plass og pallplassering totalt.

Topp 5

Laurdag køyrde dei to osingane MX2, kor dei konkurrerar mot køyrarar i uansett alder.

– Det gjekk greitt. Det var sundagen som var det vi satsa mot, så det blei ein 5. plass totalt på meg og ein 4. plass på William, avsluttar Marco Matre.

Allereie kommande helg skal dei to unggutane igjen ut å køyra, då dei stiller i Noregscupen på Haslemoen.

Som venta fekk dei to tøff konkurranse frå Magne Klingsheim frå Elgane MSK. Klingsheim blei tredobbelt noregsmeister etter å ha vunne MX125jr, MX2 ungdom og MX2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.