Lokal | 19. mai 2015

– No kan vi laga thaimat!

Os Lokallag av Norges Handikapforbund har medlemmar frå 8 til 84 år gamle. I april og mai fekk dei kokekurs sponsa av Extrastiftelsen.

– No kan vi laga thaimat!
Kursdeltakarane lærte å laga både vårrullar og dessert, som denne dekorative karen her. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. mai 2015 09:43

Bildeserie:

Kaserar Tove Gylløw (t.v.) og styreleiar Rita Samdal med tildelingsbrevet frå Extrastiftelsen. (Privat foto)
Kaserar Tove Gylløw (t.v.) og styreleiar Rita Samdal med tildelingsbrevet frå Extrastiftelsen. (Privat foto)
Å rulla vårrullar krev ein eigen teknikk. (Privat foto)
Å rulla vårrullar krev ein eigen teknikk. (Privat foto)
Asia Mat sto for undervising og råvarer. (Privat foto)
Asia Mat sto for undervising og råvarer. (Privat foto)
Men alle var i sving ved komfyren. (Privat foto)
Men alle var i sving ved komfyren. (Privat foto)
... og med førebuingane. (Privat foto)
... og med førebuingane. (Privat foto)
Resultatet blei lekkert og smakrikt. (Privat foto)
Resultatet blei lekkert og smakrikt. (Privat foto)
Dessert sto også på menyen. (Privat foto)
Dessert sto også på menyen. (Privat foto)
Så var det berre til å nyta. (Privat foto)
Så var det berre til å nyta. (Privat foto)
1 av 8

I haust søkte Os Lokallag av Norges Handikapforbund om midlar frå Extrastiftelsen til å kunne gjennomføra matlagingskurs for medlemmane sine.

«ExtraStiftelsen er en stiftelse bestående av 28 frivillige organisasjoner, som eier og fordeler overskuddet fra Extra-spillet. Overskuddet går til frivillige organisasjoners helseprosjekter.»

I desember fikk dei svar på søknaden, og fekk tildelt 10.000 kroner.

– Os Lokallag har 43 medlemmar frå 8 til 84 år gamle. Medlemmane er i hovudsak frå Os, men også frå nabokommunar som Fusa, Tysnes og rett over kommunegrensa til Bergen, fortel leiar Rita Samdal.

– Medlemmane våre har ulike typa av handikap, frå problem med bekkenløysing til slagramma. Vi har mest aktivitet i laget på våren og sommaren, blant anna med grilling hos Os Rotary på Ramsholmen, i tillegg til ein årleg populær avslutningsfest med julebuffet i Oseana.

– Å få dette kurset som ein lærerik, smakrik og sosial start på våren var veldig hyggeleg, synest Samdal.

2 x 3 timar med lokal vegleiing

Asia Mat på AMFI Os blei hyra inn som kurshaldar.

– Dei er veldig flinke og hyggelege, det er kjekt at vi kan bruka denne type lokal kompetanse.

Deltakarane fekk grundig innføring i fleire rettar, både vårrullar, rød curry, eksotisk frukt og innbakt banan med vaniljesaus.

– Vi hadde kurs tre timar ei søndag i april og tre timar ein søndag i mai. Kursa var veldig populære og maten smakte fantastisk, seier Rita Samdal.

Kursa blei gjennomført på skulekjøkkenet på Os ungdomsskole.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.