Politi | 19. mars 2022

– Nokon må stoppa desse lastebilane

Nok ein bil rygga utfor i Langdalen i går. Ein lastebil fekk problem med å passera.

– Nokon må stoppa desse lastebilane
Nok ein bil rygga utfor i Langedalen i går. Då blei det trangt for denne lastebilen, som truleg var for tung til å køyra på vegen. (Lesarbilde, tips@midtsiden)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. mars 2022 09:05

Etter start på prosjekt og stenging av Fanafjellsveien måndag, har trafikken over den kommunale vegen Langdalen auka.

Måndag var det spesielt vanskelege køyreforhold.

Langedalen har blitt omkøyringsveg etter at Fanafjellsveien stengte for seks veker. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògGjekk trafikken over Langedalen betre i går?

Kommunen har, i samråd med politiet, vurdert å stenga den heilt for gjennomkøyring, men då det ikkje kom særleg fleire klager har dei bestemt seg for å venta.

Med auka trafikk på den smale vegen, er det også fleire som får vedlikehalda rygge-eigenskapane sine.

Ein bil har rygga utfor i Langedalen fredag morgon, og vegen er blokkert inntil vidare. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Les ògLangedalen blokkert av bil

Fredag i 09.30-tida var det ein mann som rygga i grøfta. Bilen blokkerte vegen for annan trafikk.

Klokka 17.07 og 17.43 fredag ettermiddag fekk vi tips og bilde av ein annan bil som hadde hamna utfor.

(Lesarbilde, tips@midtsiden)
(Lesarbilde, tips@midtsiden)

På det eine bildet ser vi ein bil som ser ut til å vera for tung til å ferdast på vegen.

– Eg synest nokon bør stoppa desse lastebilane, trafikkmengda på den smale vegen er vanskeleg nok for mange, skriv ein tipsar.

Lastebilen på bildet øvst er registrert på eit firma frå Øygarden.

– Vi vil halda eit auge med den

Vegen er merkt som forbode for bilar over 10 meter lengde.

Før stenging av Fanafjellsveien sette kommunen også opp skilt som presiserer maks akseltrykk på 6 tonn.

Det øvste av dei tre skilta kom på plass for ei veke sidan, men regelen har vore der frå før. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det øvste av dei tre skilta kom på plass for ei veke sidan, men regelen har vore der frå før. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Politiet seier dei ikkje høyrde om utforkøyringa i går.

– Vi vil halda eit auge med Langedalen i helga, og så vil eg melda det vidare til kollegaene mine på måndag. Mengda tungtransport og trafikken elles er nok høgare utover veka enn i helga, seier politibetjent Kjetil Hansen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.