Fotball | 22. sep. 2021

Nora tatt ut til EM-kvalifisering

Skal spela mot Bulgaria, Ungarn og Irland.

Nora tatt ut til EM-kvalifisering
Nora B. Nøss, her mot Spania i sommar, er tatt ut til dei tre første EM-kvalifiseringskampane. (Foto: NFF)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. sep. 2021 06:44

Arna-Bjørnar-spelar Nora Blindheim Nøss frå Os var i august i Frankrike for å spela to treningskampar mot Spania.

Nora, som fyller 16 år seinare i år, spelte heile den siste kampen, og fekk vimpel under middagen på kvelden.

I den første kampen var ho innbytar, i den andre var Nora ein av fire som spelte alle 90 minutt. (Foto: NFF)
Les ògSpelte heile kampen - kåra til Noregs beste

Landslagstrenar Elise Brotangen har no tatt ut troppen som skal spela EM-kvalifisering i oktober.

Denne blei publisert på NFF sine sider i går.

Nora, som debuterte i Toppserien 4. september, er ein av dei 20 jentene som er tatt ut til dei tre kampane.

Nora Blindheim Nøss, her etter å ha vore publikum på Os-Lysekloster måndag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògNora debuterte i Toppserien

Dette blir Nora Nøss første teljande kampar med flagget på brystet:

09.10.2021 17.30 Norge - Bulgaria
12.10.2021 17.00 Norge - Ungarn
15.10.2021 17.00 Norge - Irland

Kampane blir spelte i Stavanger og Sandnes.

Også Nora si lagvenninne, og romvenninne på hybel i Bergen, Mina Bell Folland, er del av uttaket. Mina skåra også mot Spania i august.

Dei to toppserieklubbane i Bergen er begge representerte med spelarar i uttaket, det same er Stord.

Noreg sin U16-tropp:

Vendela Bakke, Hyggen
Mia Hambro Svendsen, Røa
Mathilde Eidissen Karlsen, Medkila
Tilja Ellingsen, Klepp
Anna Lervik, Herd
Amalie Isabell Taraldsen, Stabæk
Nora Blindheim Nøss, Arna-Bjørnar
Signe Gaupset, Sandviken
Mawa Sesay, Strømsgodset
Cille Nilsen, Avaldsnes
Kamilla Melgård, Lyn
Maria Sandvik, Viking
Ingrid Rame, Viking
Madelen Eid, Hødd
Ida Mortensen Natvik, Stord
Helle Aune, Viking
Julie Bruusgaard, Røa
Ragnhild Eikeland Skage, Sandviken
Mina Bell Folland, Arna-Bjørnar
Linneah Rene Henriquez Rasmussen, Avaldsnes

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.