Norway Cup: Dag 1
Bildeserie: 5 av 7 lag frå Os og Nore Neset tok poeng i går.
Bildeserie:
Søndag starta Norway Cup, der Os Fotball stiller med 5 gutelag og, saman med Nore Neset, 2 jentelag.
Fire av dei sju vann sine kampar, eitt lag spelte uavgjort og to lag starta cupen med tap.
Os 1 junior og Nore Neset/Os J15 sto for dei største sigrane, med 8-1 og 6-0.
• Les òg: Os stiller uvanleg sterkt i Norway Cup i år
Resultat, kamp 1:
Os G18/19-1: 8-1
Os G18/19-2: 1-2
Os G16-1: 3-1
Os G16-2: 2-2
Os G15: 3-0
Nore Neset/Os J15-1: 6-0
Nore Neset/Os J15-2: 1-6
J15-2 er i gang med dag 2, og kan gle seg over 4-2-siger tysdag morgon.
Sandal styrer to lag med stødig hand
Ein av trenarane som har det ekstra travelt under cupen er Ørjan Sandal. Den tidlegare Lysekloster-trenaren, som no driv fotballakademi på Mallorca, leiar Os G16-1 og Nore Neset/Os J15-1.
– Eg får med meg kampane til begge laga, vi har vore heldige med kampoppsettet, seier Sandal.
– Det er noko overlapp, men eg har fleire flinke folk med meg rundt begge laga. Om eg må koma seint eller gå tidleg så har eg blant andre Jan Frode Skeie og Morten Døsen på jentelaget og Stian Kvåle på gutelaget.
Begge laga som Sandal styrer opna cupen med siger.
– Når du er på turnering er det berre det som betyr noko, å vinna. Med full pott i går er eg naturlegvis nøgd.
Blinkskot av Brenne
Midtsiden har delt ut kamera og hatt dagleg leiar Endre Brenne på intensivkurs i fotografering før avreise.
I bildeserien over ser du blinkskot av Brenne frå dag 1.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.