Bjørnafjorden kommune | 15. mars 2023

Ny fastlege: – Bjørnafjorden-modellen var avgjerande

Kristine Parelius Folkvord (30) er i gang med eigen praksis.

Kristine Parelius Folkvord overtok 1. mars praksisen til Guro Lekven ved Os Allmennpraksis. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. mars 2023 09:54

Bjørnafjorden kommune informerer om at dei har klart å rekruttera nok ein ny fastlege - midt i ei nasjonal fastlegekrise.

Ved å tilby eigne, gode ordningar, har Bjørnafjorden kommune lykkast, skriv kommunen, glad og stolt, på si eiga heimeside.

– For meg var ordningane gjennom Bjørnafjordenmodellen for fastlegar heilt avgjerande for at eg valde å jobba her og å gå inn i eigen praksis, framfor å ta eit vikariat eller søkja kommunal legestilling, seier den nye fastlegen, Kristine Parelius Folkvord (30).

Folkvord er fersk fastlege ved Os Allmennpraksis.

– Det ekstra basistilskotet og garantiane gir meg eit pusterom. Eg føler meg tryggare på drifta av praksisen, slik at eg kan fokusera på det viktigaste - å vera ein god lege for pasientane mine.

Ho har vore i turnus ved Os Allmennpraksis det siste halve året. Frå 1. mars tok ho over praksisen til Guro Lekven.

Både Folkvord og fleire andre fastlegar i Bjørnafjorden har ledige plassar på listene sine, opplyser kommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.