Næringsliv | 15. des. 2022

Ny matvogn opnar i morgon

Gatefat byr på blant anna taco og det som blir bygdas mest eksklusive burger.

Ny matvogn opnar i morgon
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. des. 2022 16:38

I oktober fortalte kokken Lukasz Brekke om sesongavsluttinga til matvogna Lunsj Ekspressen, og om planane om å driva to matvogner neste år.

Mens Lunsj Ekspressen sine baguettar no er i vinterdvale, går han i morgon i gang med middagsvogna «Gatefat».

– Denne skal ha ope ettermiddag og kveld med varme rettar på menyen, seier Lukasz.

Han nemner taco, kebab og burger som eksempel.

– Ein av burgerane blir også kanskje bygdas dyraste burger. Den blir i alle fall den mest eksklusive.

Kjøtet er nemleg frå kvegrasen Wagyu. Denne kjem frå Kobe-traktene på øya Honshu i Japan, og er kjent for sin fantastiske kjøttkvalitet.

– Prisen blir ikkje så mykje høgare enn på ein restaurant, men den kan oppgraderast med italienske vintertrøflar, og då går taksameteret fort, seier Lukasz og ler.

Lukasz i trappa over tre av dei fire deltidstilsette hjelparane, f.v.: Jardar Moberg, Prinz Sperrevik og Natalia Bødtker. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy) Davanger,
Lukasz i trappa over tre av dei fire deltidstilsette hjelparane, f.v.: Jardar Moberg, Prinz Sperrevik og Natalia Bødtker. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy) Davanger,

– Planen no er å opna i morgopn, fredag, og ha ope kvar ettermiddag og kveld fram til jul.

– Så har vi stengt i romjula, men opnar igjen rett etter nyttår.

Lukasz har med seg fire deltidstilsette for å halda hjula i gang.

Tre av dei var i dag innom for å hjelpa til med førebuingane; Jardar Moberg Davanger, Prinz Sperrevik og Natalia Bødtker. Fjerdemann er ein kokk som byrjar i januar.

– Grisen på vogna ser litt kvassare ut en den på illustrasjonane frå i haust. Er det for å illustrera sterk taco?

– Det kan du gjerne seia. Men den første var noko vi lasta ned frå nett som illustrasjon, denne er teikna av graffitikunstnar Markus Johannessen, som også har dekorert i Os sentrum.

Om maten blir litt for hot så skal vogna også selja drikke, inkludert mexicansk brus.

– Vi er spente på responsen! No er førjulstida og starten på januar kanskje ikkje dei beste vekene å måla etter, og vi justerer kanskje opningstidene litt utover vinteren når vi ser korleis handelen er, seier Lukasz.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.