Næringsliv | 11. apr. 2022

Lunsj-Ekspressen flyttar på seg

– Vi har éin plan for våren, ein annan for sommaren, seier Lukasz Brekke.

Lunsj-Ekspressen flyttar på seg
Lukasz Brekke fekk matvogna i drift i slutten av november. Våren og sommaren blir andre stadar enn Kolskogheiane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. apr. 2022 06:54

Etter ei testkøyring hos Os Caravan i oktober opna Lukasz Brekke matvogna Lunsj-Ekspressen med faste opningstider i slutten av november i fjor.

I over fire månadar har Lunsj-Ekspressen stått mellom Os vgs og Røde Kors-huset i Kolskogheiane.

– Det har vore ei fin tid med fleire faste kundar som har svingt innom, og nok omsetnad til å ta ut løn til tilsette, seier Lukasz, som har hatt god hjelp i matvogna når han sjølv har vore i Nordsjøen på jobb eller opptatt med andre oppdrag heime.

– Vi fekk nokre frukostkundar, men ikkje nok til å forsvara så tidleg opning, så vi reduserte opningstida frå 06 til 09. Elles har vi halde det gåande som planlagt.

Flyttar til Plantasjen

Men no held Lunsj-Ekspressen stengt ut april. I starten på mai opnar den igjen på ny adresse.

– Vi har hatt det bra i Industrivegen, men ønskjer å stå endå meir synleg for forbipasserande trafikk, fortel han.

Frå mai finn du matvogna til Lunsj-Ekspresen på parkeringsplassen utanfor Plantasjen på Gudriflaten.

Lukasz byr på heimelaga baguettar i den ombygde pannekakevogna. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lukasz byr på heimelaga baguettar i den ombygde pannekakevogna. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Eg trur det blir endå betre. Der er det tettare på ein meir trafikert veg, det er fleire butikkar i området og fleire bustadar i same nabolag.

– Blir opningstidene dei same, måndag til fredag?

– Det har vi ikkje bestemt enno. Eg har ein ambisjon om også ha ope om laurdagane, men det kjem an på både bemanning og omsetnad. Vi opnar i starten på mai, og så kan det bli nokre justeringar etterkvart.

Vil til sentrum i sommar

I sommar kan det bli ny flytting.

– Eg ønskjer å ha Lunsj-Ekspressen i Os sentrum, helst nær hamna, i sommar, og jobbar med å finna ein stad å stå.

– I tillegg skal matvogna litt på tur. Tysnesfest er avtalt, eg jobbar også med nokre andre festivalar, fortel Lukasz.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.