Sport | 14. apr. 2022

Ny padle-konkurranse startar langfredag

Frå april til september kan du samla poeng i skjergarden i og rundt Os.

Ny padle-konkurranse startar langfredag
– Tryggleik er det viktigaste. Vi tilbyr kurs og, ikkje minst, ein fellesskap, seier Beate Moberg i Os padleklubb. (Foto: Privat/Os padleklubb)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. apr. 2022 09:21

Os padleklubb startar «Padletrimmen 2022», der både medlemmar og andre kan stempla innom utplasserte padlepostar.

Padleklubben spanderer deltaking for alle, også dei som ikkje er medlem.

Padletrimmen er ein konkurranse som varer frå langfredag til september, og klubben lover eit rikhaldig premiebord å dela ut frå til hausten.

Beate Moberg før julepadling frå Kuvågen til Mobergsvikjo 19. desember. (Foto: KVB)
Beate Moberg før julepadling frå Kuvågen til Mobergsvikjo 19. desember. (Foto: KVB)

– Eit av måla våre er å skapa eit aktivt padlemiljø både i og utanfor klubben. Med Padletrimmen håper vi å stimulera til meir padling, og å gjera padlarane endå betre kjent i området vårt, seier formann Beate Moberg.

Klubben har lagt ut 25 padlepostar frå ferskvatn i Hausdalen i nord til salte Lukksund i sør - og vestover i skjergarden.

(Kart: Appen Trimpoeng)
(Kart: Appen Trimpoeng)

– Det kjem nok nokre fleire padlemål utover i sesongen.

For å delta må du lasta ned appen «Trimpoeng» og melda deg på.

Pistop på Fløholmen utanfor Kobbavågen. (Foto: Privat/Os padleklubb)
Pistop på Fløholmen utanfor Kobbavågen. (Foto: Privat/Os padleklubb)

I appen finn du opplsyingane du treng for å ta poengog kart med postane markert.

– Bruk gjerne taggane #padletrimmenos og #trimpoeng i sosiale media, oppmodar Beate.

Ein heilårsaktivitet for heile familien

Kajakkpadling har sidan tidlig på 2000-talet blitt ein stadig meir vanleg friluftsaktivitet på Vestlandet.

– Vi er veldig heldige som bur i Os, skjergarden vår er eit padleparadis!

Moberg seier padling passar for dei fleste, også barn, funksjonshemma og folk langt opp i åra.

– Det er heller ikkje berre ein sommaraktivitet. Mange tar sine første padletak om sommaren, men når dei blir kjent med kajakken og trygg på teknikken blir sesongen lengre - gjerne heile året.

Stille dagar om haust og vinter kan også vera fine å oppleva frå ein kajakk. (Foto: Privat/Os padleklubb)
Stille dagar om haust og vinter kan også vera fine å oppleva frå ein kajakk. (Foto: Privat/Os padleklubb)

– Stille haust- og vinterdagar kan gi heilt spesielle opplevingar på sjøen. Du angrar aldri på ein padletur!

– Det er dessutan du sjølv som styrer tempoet. Padling kan vera mosjon, men også rekreasjon, ein aktivitet som kan gi ro og glede. Du går som oftast i land med overskot.

Idyll mellom Balandsneset og Smørøya i overgangen mellom Korsfjorden og Lysefjorden. (Foto: Privat/Os padleklubb)
Idyll mellom Balandsneset og Smørøya i overgangen mellom Korsfjorden og Lysefjorden. (Foto: Privat/Os padleklubb)

Frå kajakken kjem du ikkje berre tett på naturen, fuglelivet, kulturminne og rolege bølgeskvulp oppetter svaberga, du har sjansen til å sjå plassar du ikkje kan køyra med båt med motor - som du ikkje legg merke til i høg fart.

– Det er ein fin måte å bli betre kjent med eigen skjergard. Vil du ta strandhogg eller på overnattingstur, kan vi i padleklubben også dela tips til fine og fredelege destinasjonar.

Fellesskap, tryggleik og kursing

Målet til Os pedlaklubb er å inspirera folk til å byrja å padla og til å ha mykje glede av kajakken sin.

– Tryggleik er viktig. Vi arrangerer grunnkurs i havpadling kvar vår og haust.

Klubben har aktivitet kvar veke, og leiger eit stort naust i Naustvågen på Halhjem, som dei har som base.

Herfrå startar fleire av turane, direkte ut i den stille skjergarden rundt Innerøya.

– Fellesskapen i seg sjølv er ein tryggleiksfaktor. I klubben har du alltid nokon å padla med og nokon å læra av. Det gir grunnlag for meir padleglede og fleire fine opplevingar på sjøen, seier Beate Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.