Politi | 15. mai 2021

Ny runde med hærverk på Halhjem

Politiet ber om tips.

Ny runde med hærverk på Halhjem
Førre helg blei det gjort mykje hærverk på Halhjem barneskule, no har politiet fått melding om ny runde. (Foto: Ørjan Håland.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. mai 2021 06:32

Tidlegare denne veka fortalte rektor ved Halhjem barneskule om to helger på rad med hærverk.

Fleire rutar må skiftast ut, og det er gjort skadeverk på dei nye hyttene til skulen.

– Vi har fått melding om meir hærverk, seier vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Fleire vindauge er tilgrisa med jord, og det er spreidd mykje boss på skuleområdet.

– Dette er ikkje kjekt for verken skulen eller dei som bruker plassen til leik på fritida.

– Om nokon har observert kven som var i området, så ønskjer vi tips. Vi kjem også til å patruljera meir i området på kveldstid.

Støy på Søfteland

Politiet fekk klokka 00.30 natt til laurdag klage på støy frå ein fest på Søfteland.

Politiet fekk kontakt med vertsskapen.

– Vedkomande fekk pålegg om å dempa lydnivået, og skal ifølgje logen ha retta seg etter dette.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.