AMFI Os har fått ny senterleiar. (Foto: KVB)

Ny senterleiar tilsett

Overtar etter Silje Lygre på AMFI Os over nyttår.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I oktober gjekk AMFI Os ut og søkte etter ny senterleiar. Silje Lygre har sagt seg opp, og avsluttar på senteret i utgangen av januar 2019.

– Det er med glede at vi nå kan fortelja at vi har tilsett ny senterleiar, fortel AMFI i ei pressemelding.

Det var nesten 40 søkjarar til stillinga, mange av dei var godt kvalifiserte.

– Toppkandidaten vår var Siri Ann Myhren Dalseide. Vi er veldig nøgde med at ho takka ja til stillinga.

Utdanning innan marknadsføring

Ho har bachelor i Tourism Management med hovudfokus på marknadsføring og sal, og har òg ei fortid som tilsett i flyselskapet Norwegian.

Gjennom arbeid i Mascot Høie AS har ho inngåande kjennskap til både store, små, eigeneigde og kjedebaserte butikkar. Siri Ann har budd i Os sidan 2004, på fritida er ho handballtrenar i Nore Neset il.

Dalseide startar i jobben 1. mars neste år.

Fleire saker