Lokal | 21. feb. 2019

Ny skule vedtatt - med verbal skyllebøtte til Frp

Fleirtalet godkjente planen for Borgafjell skule, men prosessen og tomtevalet held fram med å hausta kritikk.

Ny skule vedtatt - med verbal skyllebøtte til Frp
F.v.: Netland. Nøttseter, Hesjedal og Hesthamar. (Foto/arkivfoto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 21. feb. 2019 11:53

Under det som var årets første kommunestyremøte var Borgafjell skule oppe til andre gongs handsaming.

Då Plan- og bygningsutvalet handsama saka i møtet torsdag 31. januar var det hovudsakleg plassbehov og trafikkløysinger det handla om.

Det har det siste halvanna året blitt skrive mykje om prosessen kring val av tomt for den nye barneskulen - nettopp dette skulle vera med å dra opp temperaturen under måndagens debatt.

2x36 eller 36x2?

Kommunalsjef Aina Tjosås fekk innleia debatten med ei utgreiing frå administrasjonen. Ho beklaga at ein del saksdokument som omhandla nokre motsegner frå Statens vegvesen var komne dei folkevalde noko seint i hende.

– Det har vore litt uvisse kring ordlydar i kommunikasjonen med Statens vegvesen. Vi trudde lenge at vegvesenet skulle ta arbeidet til og med krysset, men det synte seg å vera til krysset. Dette har gjort at vi til tider har måtte kasta oss rundt etterkvart som ting vart klarare.

Tjosås kunne òg fortelja om nokre mindre motsegner frå vegvesenet som gjekk på siktlinjer, den eine av heller ekstrem teknikalitet;

– Vi hadde skrive 36 gongar 2 i plankartet vårt, men Statens vegvesen meinte det skulle det skulle stå 2 gongar 36. Dei hadde òg ei motsegn på siktlinjer for bussane i busslommene, men det er ingenting i terrenget som hindrar oss i få dette til.

Gravesesongen er kort

Tjosås fortalde at Bergen Bymuseum, som skal stå for dei arkeologiske utgravingane på Hjelle, måtte ha ei avgjerd på tysdagens møte.

– Skal vi rekkja årets gravesesong, må vi fatta eit vedtak i kveld. Gravesesongen er kort.

Kommunalsjefen ba med denne utgreiinga om at to skriftlege endringar skulle leggjast inn i plankartet før votering.

Ein fin og funksjonell skule - på feil plass

Harald Døsen (Ap) hadde teikna seg først på talarlista. Som i PBU, valde Døsen å stilla seg bak framlegget til ny skule på Hjelle.

– Vi vil stemma for ein flott og funksjonell skule, men dessverre på feil plass. Vi veit kor mykje det hastar med ny skule, og eg vel å stilla spørsmålet; har dette vore ein demokratisk prosess? Eg er òg svært overrraska over at fylkesmannen si landbruksavdeling har gått med på dette.

Jakob Enerhaug (Krf) brukte mykje same ordlyden som Døsen, og tykte det er beklageleg at kommunen tek i bruk landbruksjord for å få på plass ein skule. På dette grunnlaget ville Krf stemma imot forslaget.

Gladsak-hatt og teskje-kjerringer

Gustav Bahus tok innleiingsvis på seg «gladsak-hatten» i sitt innlegg, og han meinte det var ei tid for alt;

– Eg er sikker på at dei aller fleste her i dette rommet synest det er trist at vi tek i bruk landbruksjord, men det er ei tid for alt. No må vi gjera eit vedtak og sleppa til det eg populært kallar «teskje-kjerringene», altså arkeologane.

(Du las rett, han kalla sitt eige uttrykk populært).

Bahus nytta òg talartida til å honorera Ap for å stilla seg bak framlegget.

– Det er ikkje min feil som folkevald at vi er hamna her

Nils-Anders Nøttseter (MDG) såg nok at slaget allereie var tapt, men nytta uansett høvet til å dela sine tankar kring prosessen.

– Eg reknar med at det vert fleirtal -sjølv om det er eit uklokt val. Så sjenerøs skal eg vera. Eg føler meg, enn kor idiotisk det høyrest ut, bondefanga på matjordet.

Nøttseter filosoferte vidare rundt kva verdi ein eventuell lovlegheitskontroll ville kunna ha å seia for saka.

– Førre gongen vi forsøkte vi oss på det, fekk vi avslag fordi vi ikkje var framme ved ei endeleg avgjerd. No er vi der, men eg må innrømma at dette ærleg talt er frustrerande, og eg kjenner meg spelt ut på sidelinja.

Nøttseter nytta høvet til å rosa rådmannen for dei endringane som er gjort rundt adhocutvala, men han klarte ikkje å sleppa frustrasjonen.

– Det har vore ei dramatisk endring etter at rådmannen tok tak i dette, men det er gjort mykje kjipt i denne saka, og eg føler samstundes på eit sterkt press for å få gjennom denne saka. Det er ikkje min feil som folkevald at vi er hamna i denne i situasjonen, og vi i MDG kjem til å stemma imot.

Toget er ikkje gått før asfalten er lagd

Etter eit kort innlegg frå Ståle Skaatun (H) kor han nytta høvet til å takka Ap for støtta, var det tid for å skru opp tempen eit par gode hakk.

Ingrid Netland (Uavhengig), skildra det heile som ein trist dag, og sa seg tydeleg skuffa over at Ap ville gå for skule på Hjelle.

Netland ba fleire gongar, på vegne av barn, barnebarn og oldebarn, om at saka vart stoppa.

– Vi kan ikkje halda fram på denne måten, dette heng ikkje på greip.

Til administrasjonen tordna Netland: «hald fingrane vekke frå dyrka mark i framtida!»

Ho la så eit nytt framlegg på bordet, kor kommunestyret går vekk frå skule, og heller startar opp arbeidet med å planleggja ein skule på det som er kjend som «alternativ B» - området mellom Hesthaugen og Lyssandfabrikken. Framlegget instruerte òg administrasjonen å finna mellombelse løysingar på noverande skule, fram til ny skule står klar.

– Eg underkjenner heile prosessen, og eg meiner at ei utsetjing av ny skule i to til tre år, er ei betre løysing. Kva er no to-tre år mot dei 60 åra vi reknar at levetida er for eit slikt bygg?

– Rot og kaos som Frp har stelt i stand

Etter eit kort ordskifte som resultat av det Espen Aspenes (Frp) kalla «ei verbal skyllebøtte» frå Netland, var det Gisle Hesjedal (Ap) som fekk siste ordet før votering. Hesjedal brukte taletida si på å i stor grad gjenta argumenta han nytta i kommunestyret 31.oktober 2017.

Det var møter i adhocutvalet i heile 2014, 2015 og 2016, men møtebøker og referat var i heile perioden mangelfulle. Dette er heilt klart brot på kommunelova.

• Les òg: «Hemmeleg» dokument viste tomteval (november 2017)

Hesjedal gjekk dels hardt ut mot utvalsleiar, Erik André Hesthamar, og då spesielt i tidsperioden november 2016 og juni 2017.

– Då underteikna vart ein del av styringsgruppa, tok det ni førespurnadar og seks månadar før eg til slutt fekk innsyn i saka og tilgang til alle saksdokumenta.

– Når eg fekk innsyn i dokumenta, fann eg eit udatert og usignert dokument kor det framgår at utvalet fatta vedtak om tomt A på Hjelle i eit møte allereie 18. november 2016. Men i referatet frå det same møtet fins det ikkje eit einaste spor av eit slik vedtak. Dette er eit brot på offentlegheitslova.

– Hesjedal meinte at kommunestyret vart førd bak lyset då dei fatta sitt vedtak om lokalisering, og meinte òg at PBU i sin prosess mangla naudsynt dokumentasjon då dei godkjente oppstart 24.mai 2017- utan å veta at Link Arkitektur i sine papir konkluderte med at alternativ B var betre eigna for ny skule.

Som avslutning sa Hesjedal at dette berre var kortversjonen av saka, men at på vegne av skuleborna i Os, ville han stilla seg bak framlegget - trass i det han kalla «rotet Frp har stelt i stand».

Netland sitt framlegg fall mot tre stemmer. (1 Sp, 1 uavhengig, 1 Ap).

Administrasjonen sitt framlegg, med dei to nye endringane av teknisk karakter, fekk 24 røyster (14 Frp, 4 Høgre, 5 Ap, 1 Venstre) mot 2 Krf, 1 Sp, 1 Uavhengig, 2 Ap, 2 MDG, 1 Venstre og 2 TvS.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.