Lokal | 03. juni 2020

Ny «skulerute» kan bli klar i dag

Barne- og ungdomsskulane tilbake til normalen på kvar sine tidspunkt.

Ny «skulerute» kan bli klar i dag
Os barneskule. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. juni 2020 08:23

I førre veke sa regjeringa at skulane kunne gå tilbake til fulle klasserom og tilnærma normal drift frå tysdag 2. juni.

I går hadde rektorane i Bjørnafjorden kommune møte med skuleleiinga på rådhuset.

– Det var eit godt møte. Alle fekk fortelja status og ønskje på sin skule, seier fagsjef Per Olav Sørås.

Det blei skissa ein plan som skal behandlast av KKL (kommunal kriseleiing) i møte etter lunsj i dag.

– Når planen er godkjent vil det koma ut eit skriv til skulane. Alle foreldre kan følgja med i informasjonskanalane til sin skule i ettermiddag.

Barneskulane ligg an til å vera i full drift i løpet av denne veka, ungdomsskulane frå måndag 8. juni.

– Ungdomsskulane hadde planar for denne veka som var noko vanskelegare å endra, men fleire barneskular viste at dei var veldig klare for full drift eller tilnærma full drift.

Men det blir lokale variasjonar, så foreldre blir bedd om å lesa «skuleruta» for resten av året nøye - for sin skule.

Skuleskyss og SFO

I planen som skal opp i KKL i dag ligg òg ønskje om å ha sommar-SFO som vanleg.

– Om det blir som i skissa, skal Lunde barneskule og Fusa barneskula ha open SFO første veka i sommarferien, mens Kuventræ og Eikelandsosen har to veker med SFO i august, før skulane skal i gang igjen.

Smittevernavstand på offentleg transport har redusert kapasiteten på bussar.

– Vi vil drøfta med Skyss om fleire sete kan brukast, dersom elevar frå same klasse, som likevel sit tett i klasserommet, sit saman på bussen, seier Sørås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.