Lokal | 16. aug. 2018

Ny stil i Tropehagen

Fungerande ordførar inviterte til «afternoon tea».

Ny stil i Tropehagen
– Vi politikarar sender ofte bestilling, men av og til er det greit å ta tak i ting sjølv, seier Laila Reiertsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. aug. 2018 08:21

Bildeserie:

Laila fekk med seg Frivilligsentralen, og vips, så blei det fest. (Foto: KVB)
Laila fekk med seg Frivilligsentralen, og vips, så blei det fest. (Foto: KVB)
Småkaker, syltetøy og blomar høyrer med. (Foto: KVB)
Småkaker, syltetøy og blomar høyrer med. (Foto: KVB)
Over 130 gjestar. (Foto: Tove Hille)
Over 130 gjestar. (Foto: Tove Hille)
Øyvind Gjerde og Merethe Hovden. (Foto: Tove Hille)
Øyvind Gjerde og Merethe Hovden. (Foto: Tove Hille)
1 av 4
Laila fekk med seg Frivilligsentralen, og vips, så blei det fest. (Foto: KVB)
Småkaker, syltetøy og blomar høyrer med. (Foto: KVB)
Over 130 gjestar. (Foto: Tove Hille)
Øyvind Gjerde og Merethe Hovden. (Foto: Tove Hille)

Tilbygget med tropehage, som opna på Luranetunet på tampen av 2017, var onsdag ettermiddag arena for ein populær britisk tradisjon.

– Vi nordmenn drikk mykje kaffi saman, det blir noko eige når du inviterer på te. Dessutan er det mange som kjenner til denne staselege tradisjonen frå England, seier Laila Reiertsen.

Ho brukte sin siste ettermiddag som fungerande ordførar for denne sommaren til å samla eldre med familie til te og småkaker. Reiertsen har òg lese seg opp på bakgrunnen for tradisjonen.

– Dronning Anne i England blei småsvolten mellom lunsj og den seine middagen, som ofte blei servert i 20-tida. Derfor byrja ho i 1840 med «afternoon tea party», og inviterte venar til ei sosial stund med te, snittar og noko søtt.

Raskt servert

– Dette med afternoon tea har blitt populært fleire stadar i Noreg, blant anna på det nye hotellet i Bergen, Opus XVI, som er eigd av nokre venar av familien min.

Laila adopterte ideen, tok ein prat med Tove Hille på Frivilligsentralen, og seinare med aktivitetskoordinator Grete Byrkjeland. Dermed var det i boks. Nesten.

– Vi måtte få laga nokre fine porsjonar med småkaker. Eg trur tea party var nytt for Hanne Hansen på Hanne's, men ho tok utfordringa på strak arm, og eg trur dette er noko ho kunne arrangert i sitt eige konditori ein gong i blant.

Både Os Blomsterservice og Lyssand Gartneri sponsa med blomar.

– Vi politikarar er flinke til å senda bestillingar på ting vi meiner er lurt, men av og til er det like greit å berre ta tak i det sjølv.

Over 130 gjestar

Einingsleiar Aud Winsents gav grønt lys, og var sjølv med på ettermiddagsteen. Til saman kom det over 130 gjestar.

– Vi inviterte både dei som bur på Luranetunet, familie og nokre venar og naboar av Luranetunet. Fleire stilte til og med med hatt! fortel Laila, som hadde fletta sin eigen blomekrans til å ha på hovudet.

To andre tilsette i kommunen, Øyvind Gjerde og Merethe Hovden, stilte opp med saksofon og gitar.

– Eg veit at det blir gjort mykje bra i Tropehagen, men dette var noko annleis og nytt, og mange sa dei sette pris på både arrangementet og det å få treffa kvarandre på denne måten.

– Eg har sans for departementet sitt fokus på «leva heile livet». Samlingar som dette er med på å få dei eldre til å føla at dei framleis er ein del av samfunnet sjølv om dei får hjelp og pleie. Nye idear kan gje ny inspirasjon, det er lett for å gå opp igjen i same spor år etter år, seier Reiertsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.