Ny VM-medalje til Sverre
Sølv på lagtempo saman med Håvard Bøkko og Sindre Henriksen.
Bildeserie:
På dag to av skøyte-VM i Inzell fortsette Noreg å hanka inn medaljar.
Først sette Fusa sin skøytehelt, Håvard Lorentzen ny norsk rekord på 500-meter med tida 34,35. Dette vart krona med sølvmedalje, berre slått av russiske Ruslan Murshov med tida 34,22.
Lokomotiv inn til sølv
Far til Sverre Lunde Pedersen, Jarle Pedersen, sa tidlegare i dag at Sverre no er inne i formtoppen.
Det var blant dei norske supportarane litt uvisse om korleis lagtempoen ville gå for Noreg.
Noreg gjekk i par med Nederland, og det var heilt klart mest i kok i arenaen under denne duellen.
Nederland vart litt for raske med tida 3.38,43, men med Sverre i tet på dei siste rundane tok Noreg sølvet med tida 3.40,81. Russland tok bronsen.
Til VG.no seier lagkamerat; Håvard Bøkko, at han måtte ropa «vent!» fleire gonger til Sverre under løpet. Sverre berre drog i frå, i følgje Bøkko.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.