Lokal | 12. aug. 2019

Nye bussruter frå fredag

Fossilfrie bussar og 60 fleire avgangar i Bergen sør.

Nye bussruter frå fredag
Os terminal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. aug. 2019 12:26

Pressemelding frå Skyss:

Det blir 129 nye, fossilfrie bussar og 60 fleire bussavgangar når ein ny busskontrakt startar opp i Bergen sør (Fana, Ytrebygda og Os) på fredag 16. august.

Det er Tide Buss AS som skal køyre bussane på oppdrag frå Skyss, etter å ha fått fornya anbodskontrakten fram til 2030. Austevoll blir ein del av den same kontrakten frå 1. januar 2020.

• Les òg: Nye ferjeruter - framleis utfordringar

Endringar i rutetilbodet

Dei viktigaste endringane for dei bussreisande i Bergen sør, er at Skyss har lagt inn om lag 60 nye, daglege avgangar i hovudsak fordelt på følgjande linjer:

• Linje 21 Lagunen – Haukeland – Sentrum

• Linje 52 Lagunen – Grimstad

• Linje 61 Lagunen – Krokeide

Det blir nokre mindre justeringar på avgangstider og køyretider på andre linjer.

Skyss etablerer samstundes ei ny ekspresslinje, linje 600E. Linja vil køyre dagens ekspressavgangar på linje 600.

Reiseplanleggaren i appen Skyss Reise og på skyss.no er oppdatert med dei nye rutene. Komplette hefte for haustrutene finn du på denne sida på skyss.no.

Skyss fjernar kortlesarane ved bakdøra på bussen

7 av 10 reisande kjøper billetten sin på mobilen, og reisande som har periodebillett på Skysskort treng ikkje å lese av kortet på kvar reise. Bruken av kortlesarar om bord er difor blitt sterkt redusert dei siste åra, og Skyss ser at det ikkje lenger er naudsynt å bruke ressursar på å ha fleire kortlesarar på kvar buss.

Det blir no difor slutt på kortlesar ved bakdøra.

Det vil framleis vere kortlesar ved framdøra, og reisande med skulekort, reisepengar på Skysskortet og enkeltbillett kjøpt i kiosk/butikk må gå inn framme.

Lågare utslepp med nye bussar

Med ny busskontrakt er det vanleg at bussparken blir bytta ut, og i Bergen sør kjem det 129 nye bussar. Alle bussane skal gå på biodiesel og oppfyller miljøkravet Euro VI, som inneber at dei har svært låge utslepp av nitrogenoksid (NOx) og partiklar. Målingar syner at ein Euro VI-buss faktisk slepp ut mindre NOx enn ein personbil.

Alle bussane er såkalla lågentré (lågt inngangsparti) og har setebelte. Bussane har USB-kontakt ved seta, der passasjerane kan lade til dømes mobiltelefonar.

18 av dei brukte bussane vil halde fram i trafikk i ein periode framover. 15 av desse er i Euroklasse V, og tre er i Euroklasse VI.

Bussanlegga i Bergen sør blir i Fana og på Kolskogen (Os), som før.

Håpar at endå fleire skal la bilen stå

– Dei nye bussane gjev eit solid løft for både lokal luftkvalitet og for klimarekneskapen. Med fleire bussavgangar legg vi samstundes til rette for at endå fleire kan reise kollektivt. Talet på kollektivreisande i Bergensområdet har gått bratt opp dei siste åra, og vi vil gjerne at det skal bli endå fleire, seier Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss.

Med den nye kontrakten i Bergen sør aukar delen bussar med Euro VI-motor i Hordaland frå 35 til 64 prosent (frå 2018 til 2019). Skyss ventar at innan utgangen av 2020 vil 95 prosent av bussane i Hordaland oppfylle Euro VI-standarden.

Alt drivstoff skal vere fornybart og ha minst 50 prosent lågare klimagassutslepp enn fossil diesel. Biodrivstoff er ei fellesnemning for drivstoff som er framstilt av biologisk materiale i staden for fossile kjelder. HVO er ei forkorting for hydrogenert vegetabilsk olje. Den kan produserast frå vegetabilske oljer og animalsk fett og avfall. For å unngå felling av regnskog i drivstoffproduksjonen er det ikkje lov å nytte palmeolje.

– Dette er ein gledeleg dag for Tide. Vi har lang erfaring med å køyre bussane i Bergen sør, og no gler vi oss til å starte opp og gje ei positiv oppleving for passasjerar, sjåførar og lokalsamfunnet i åra som kjem, seier konsernsjef i Tide, Roger Harkestad.

På veg mot fossilfri bussdrift

Fylkestinget har vedtatt å gjere bussdrifta i Bergensområdet fossilfri innan 2020 og i heile Hordaland innan 2025.

Med biodrivstoff og elektrifisering vil fylkeskommunen redusere CO2-utsleppet frå buss i Hordaland med 29 000 tonn frå 2016 til 2025 (64 prosent).

Les meir i Temaplan for låg- og nullutsleppsbussar i Hordaland (pdf)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.