Kultur | 27. juni 2017

Nye kombinasjonar av tre og marmor

Vi har kome til dag to av skulptursymposiet og nye figurar tar allereie form.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. juni 2017 13:32

Søndag blei skulptørane presenterte på innviing av den nye kulturstova i Vognhallen, i går starta årets skulptursymposium i Os, det første sidan 2013.

6 av dei 10 skulptørane har aldri vore i Os før.

– Nytt i år er òg bruken av tre. Fleire jobbar med treverk, eller kombinasjonen tre og marmor, fortel Arne Mæland frå Os Kulturutvikling.

Alle dei 10 store skulpturane er selt på førehand, men kjøparane veit ikkje kva eller av kven dei får kunst av. Det blir 11 produksjonsdagar og loddtrekning under ein utdelingsseremoni laurdag 8. juli.

Men veka før er det salsutstilling med små skulpturar.

Denne utstillinga opnar fredag 30. juni klokka 19.30, og blir ståande fram til laurdag 8. juli.

– Dette er ei salsutstilling som opnar for at også dei som ikkje har haug på kontoen eller eige firma kan kjøpa internajsonal kunst under symposiet.

Her er årets kunstnarar:
Andrea Berni (Italia)
Isao Sugiyama (Japan)
Marton Varo (Ungarn/USA)
Boutros Romhein (Syria)
Corrado Marchese (Italia)
Irene Giannchini (Italia)
Karin Van Ommeren (Holland)
Silvio Cor- sini (Italia)
Mohamed Naguib Moein (Egypt)
Knut Bryn (Norge)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.