Kultur | 07. apr. 2022

Nye minnelunder på Nore Neset og Kuventræ

Arbeidet på Nore Neset er ferdig, arbeidet på Kuventræ er i gang.

Nye minnelunder på Nore Neset og Kuventræ
Planen er klar og arbeidet påKuventræ er i gang. (Foto/ill: Os kyrkje/Smedsvig)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. apr. 2022 09:20

I løpet av vinteren har det vore eit mindre anleggsarbeid på kyrkjegarden på Nore Neset. Det er opparbeidd eit lite felt som namna minnelund på del av gravplassen.

Staden har fått ein fin og var utforming mellom furutrea. Frå vegen på gravplassen inn mot minnesmerka er det opparbeidd ein hellelagt gangveg.

– Ein ny benk kjem snart på plass og fellesrådet sin anleggsgartnar Linn-Kjerstin Østgulen, skal sette ut nokre mindre buskar og staudar rundt minnesmerka, opplyser Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd i ei pressemelding.

Det er lagt til rette for 60 urnegraver på denne namna minnelunden.

Ny, namna minnelund på Nore Neset. (Foto: Bjørnafjorden kyrkjefaglege fellesråd)
Ny, namna minnelund på Nore Neset. (Foto: Bjørnafjorden kyrkjefaglege fellesråd)

Smedsvig Landskap har prosjektert utforminga og statsforvaltaren har godkjent planane for prosjektet.

Sæthre Stein har levert minnesmerka. Desse steinane er henta frå eit steinbrot ved Førde i Sundfjord.

Arbeid med grunn og fundament og hellelegging av gjort av Botnevik samdrift.

Nytt arbeid i gang på Kuventræ

I om lag ein månad har det no vore anleggsarbeid på Kuventræ gravplass.

Eit område på om lag 1500 rutemeter skal opparbeidast til nytt gravfelt med urnegraver og namna minnelund.

Kuventræ blei også i 2020 utvida med ny minnelund:

På den namna minnelunden finn du eit felles monument, med personlege namneskilt. Foto: Ørjan Håland
Les ògEffektiv og verdig: Ny minnelund på Kuventræ

Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd er ansvarleg for gravplassforvaltinga i kommunen, og dei er og ansvarleg for denne utbygginga.

Tidlegare kyrkjeverje Gerhard Hansen, har vore engasjert som prosjektleiar for denne utbygginga.

Arbeidet på Kuventræ er i gang. (Foto: Bjørnafjorden kyrkjefaglege fellesråd)
Arbeidet på Kuventræ er i gang. (Foto: Bjørnafjorden kyrkjefaglege fellesråd)

«Gravdal hage og anlegg» vant anbodskonkurransen og arbeidet skal vere sluttført før sommaren. Det er kommunen som har løyvd midlar til dette arbeidet.

Landskapsarkitekt Marthe Nordvang hjå firma «Smedsvig Landskap» har prosjektert og teikna framlegget til urnegravplassen.

Statsforvaltaren i Vestfold/Telemark er sentral godkjenningsinstans for gravplassar i Noreg og har godkjent planane.

(Ill. Smedsvig)
(Ill. Smedsvig)

– For å halde oss innan den løyvde ramma, vert berre den eine av dei to namna minnelundane opparbeida no, fortel Hansen.

Største delen av feltet vert opparbeid til vanlege urnegraver. Nokre av desse gravene vil få montert minnestein som gravforvaltinga eig, men den som er ansvarleg for grava (festar) får avtale om å leige denne framfor å ta kostnad med å kjøpe eige minnestein til grava.

– Dette er eit nytt tilbod i vår kommune og vi er spent på korleis dette vert tatt imot.

– Ein eigen faldar om kva ulike typar urnegraver som ein kan velje mellom er under utarbeiding. Den vil ein og kunne sjå og laste ned frå fellesrådet si heimeside når den er klår.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.