Kultur | 16. mai 2022

Nye prioriteringar for gartnarane til kommunen

– Men Minneparken må alltid vera fin til 17. mai.

Siri Berge og Wenche Hope Lepsøe har gjort seg ferdig i sentrum og på Oseana, i dag er det luking i Os Minnepark. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. mai 2022 09:54

Klokka 10.40 i morgon skal kultursjef Erik Vangsnes halda tale i Os Minnepark.

Så er det oppmøte på fotballbanen ved sidan av, og avmarsj 11.30 for 17. maitoget.

Flaggborga på veg opp Finnebrekka i 2019. Toget går same veg i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les òg17. maiprogrammet - og den fine vêrmeldinga

Den fine vêrmeldinga står ved lag. Yr melder skyfri himmel og 19 gradar, Storm melder lettskya og 11 gradar.

Os skal skina i morgon, frå start til landing på Oseana.

– Det er ikkje lenge sidan førre seremoni her i Minneparken, men det er litt å ta likevel, seier kommunen sine gartnarar, Siri Berge og Wenche Hope Lepsøe.

Det gror godt om våren, og også ugras spirer frå 8. til 17. mai.

Les òg– Aldri meir 9. april, aldri meir Mariupol

– Elles har vi nyleg planta i kassane i sentrum og i krukkene på Oseana. Oseana er jo ekstra viktig i år.

Det første toget sidan 2019 skal for første gong gå til Oseana i staden for Kyrkjeflaten.

– Derfor har vi brukt litt mindre tid på Kyrkjeflaten i år. Tulipanane i sommarfuglen står enno.

Kyrkjeflaten i dag. I år skal den få kvila. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Er den årlege drifta elles lik, eller har avdelinga fått redusert mengde ressursar i driftskuttprosjektet Bjørnafjorden 22?

– Vi får ikkje sommarhjelp i år, og det merker vi. Ungdomane vi har hatt hos oss gjennom feriane, har vore til stor nytte. Konsekvesen er at vi ikkje rekk over like mykje av det som er utanfor sentrum, for eksempel Luranetunet.

Men sentrum er ikkje svekka til 17. mai, Os er nystrigla til grunnlovsfeiringa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.