Kultur | 25. feb. 2019

Nye tider for Os Gymnas

Rektor Kjersti Daland ønskjer å utvida tilbodet ved Os Gymnas.

Nye tider for Os Gymnas
Rektor ved Os Gymnas, Kjersti Daland, fortel at skulen no ser på nye måtar å halda fram med å vera ein attraktiv utdanningsveg. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 25. feb. 2019 10:04

Daland vart i august 2018 konstituert som ny rektor ved det no 53 år gamle gymnaset. Første oktober tok ho til i fast stilling.

Ho er tydeleg på at gymnaset må søkja nye vegar for å vera ein attraktiv skule.

– Os Gymnas er ein av veldig få skular med berre eitt utdanningsval, fortel Daland.

Der andre vidaregåande skular med åra har fått utvida innhaldet sitt, har Os Gymnas vore meir eitt tradisjonelt gymnas.

Stend Jordbruksskule byrja allereie på 90-talet å tilby generell studiekompetanse (som gjev grunnlag fpr å søkja på høgskule og universitet), samstundes som dei utvida med både naturbruk-og miljøfag. Dei seinare åra har andre tradisjonelle gymnas som Fana Gymnas forsvunnne, og blitt ertstatta med større skular som Amalie Skram og Nordahl Grieg i Bergen.

– Vi treng klart å utvikla oss, seier Daland. Med å få inn nye og spanande fag, skal halda fram med å vera ein attraktiv utdanningsveg.

E-sport frå hausten

Allereie frå hausten av kan første og andreklassingane ved gymnaset velja eit toppidrettsfag som valfag, eller programfag som det no heiter.

Nyleg vart det kjent at Os Gymnas vil tilby elevane E-sport fem timar kvar veke.

E-sport er kort oppsummert dataspel, men med ei sportsleg vinkling.

– E-sport handlar mykje om reaksjonsevne og samspel, så vi legg inn kosthald og trening som ein del av pensum i faget, fortel Daland.

– I tillegg er det sjølvsagt relevant med koding og programmering, noko vi ser det er stadig høgare krav til i arbeidsmarknaden. Så om nokon skulle tru at det er berre er rein speling elevane skal gjera på, tek dei nok feil.

Daland fortel vidare at det er ein del kostadar knytt til etableringa av E-sport.

– Vi må byggja om eit av klasseromma, vi må leasa gaming-maskinene som skal nyttast, og det må kjøpast inn eigna stolar. Vi har heldigvis fått god hjelp og gode råd frå Arna vidaregåande skule som allereie har E-sport som programfag.

Psykologi og idrett er i vinden

– Er det andre programfag som skil seg ut, eller som de har lukkast med?

– Ja, vi ser at idrett og psykologi er populært blant elevane.

– Spesielt psykologi har slått godt an blant jentene her på skulen. Eg trur at ungdomane finn det interessant å sjå nærare på «kvifor gjer vi som vi gjer». Samstundes held idrettsfaga fram med å vera noko ungdomane søkjer til, og det er godt å sjå at dei søkjer seg til fysisk aktivitetar.

Spanande veker

I midten av mars vil Daland og Os Gymnas byrja å sjå dei første teikna på om satsinga på E-sport vert ein suksess.

– Rundt den tida får vi dei første signala på korleis ungdomane søkjer. Fristen for å søkja vidaregåande skule er 1.mars, og så langt er det veldig mange som enno ikkje har teke valet sitt, så det er nok ein del som kjem til å nytta vinterferien til å få inn søknaden sin.

Daland fortel at ideelt sett er det 10-15 elevar i ein klasse med E-sport, men at skulen òg skal klara 30 søkjarar til faget.

Men speler du dataspel sjølv, Daland?

– Eg kjenner til spela vi skal nytta i undervisninga, og eg har spelt litt, ja. Frå min ståstad finn eg dei historiske spela ekstra spanande, då dette er med å gje det heile eit ekstra nivå.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.