Samferdsle | 30. nov. 2023

Nye vilkår frå fredag morgon

Utvida gratistid, men krav om at du registrerer parkeringa di.

Nye vilkår frå fredag morgon
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. nov. 2023 20:02

Bjørnafjorden kommune har i haust rydda plass til kundar og andre brukarar av sentrum ved trinnvis å innføra overvaking av fleire parkeringsområde.

Dei tre første, Giskavollen Parkering (123 plassar i parkeringshuset), framfor rådhuset (46 plassar) og på Circle K-tomta (54 plassar) har gratis parkering i to timar og 20 kroner timen etter at to timar har gått.

Circle K siste opna etter at parkering ved Fjellheim og mellom Fjellheim og Holtbrekka blei utvida frå 45 til 76 plassar (inkludert 16 nyasfalterte og merkte plassar oppe ved Fjellheim).

  • Fredag 1. desember tar Vestpark over kontrollen også ved Fjellheim.
  • Der er det gratis å parkera i 9 timar, og 20 kroner timen etter desse 9.
  • Laurdag og søndag er det gratis døgnet rundt.
  • Men; her er inga kameraovervaking, så du må lasta ned appen Easypark og registrera at du parkerer. Sjå detaljar på kommunen si heimeside

Tidlegare var planen at det skulle vera gratis i berre 8 timar, noko som ville vore akkurat for lite for mange av dei denne parkeringsplassen skal lokka til seg; dei som jobbar i sentrum og skal stå ein heil arbeidsdag.

Vi har spurd prosjektansvarleg Lisbeth Axelsen om desse timane nokre gongar i haust, men som administrativt tilsett måtte ho retta seg etter det politikarane hadde bestemt.

– Tilbakemeldingane blei etterkvart så mange at eg drøfta saka med kommunedirektør Chrstian Fotland, og avstemte med varaordførar Marie Lunde Bruarøy før vi avgjorde å utvida til 9 timar, fortel Lisbeth Axelsen.

Neste plass som Vestpark overtar kontrollen med er parkeringsplassen ved Oseana. Det skjer 1. januar.

Også ved Oseana blir det gratis i 9 timar med 20 kroner timen for dei som står lengre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.