Øyafest | 03. nov. 2023

Nytt artistslepp på Øyafest

Øyafest slepp nok et band til 2024-festivalen.

Nytt artistslepp på Øyafest
Pressefoto: Ringnes-Ronny.
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesfredag 03. nov. 2023 19:30

I august kom Øyafest med dato og første band.

Øyafest går av stabelen frå 1. til 3. august neste år.

Vinskvetten skal spela i teltet på fredagen, Goggen og Pakkers er allereie booka inn på laurdagen.

Ringnes-Ronny er klare for Øyafest!

Med kjente låter som «Jag vil ha dig», «Vi skal bli fulla» og «Helg», skal Ringnes-Ronny vera med å laga god stemning på Øyafest på laurdagen.

– Me er kjempestolte av å få lov å presentera eit namn som Ringnes-Ronny og gler oss veldig til å ta i mot danspunk-kongen i Øyane, fortel festivalsjef Tommy Aasen.

Ringnes-Ronny har som image å halda identiteten skjult, og syng både på norsk og svensk.

– Her har me noko som gjer feststemning delux. Spesielt for den yngre generasjon har Ronny blitt svært populær, men me er ikkje i tvil om at detta er noko som kjem til å gje full gass på Sundøy Arena for heile publikum.

Før første slepp av headliner til lørdagskvelden på Øyafest 2024, har festivalen til no seld rundt 600 billettar.

– Dette er me stornøgd med, spesielt med tanke på at det enno er lenge til festival, fortel Aasen.

Ein av Nordens mest ettertrakta live-artist

Danspunk-kongen Ringnes-Ronny har seld fleire tusen billettar til titalls konserter i Norge, Sverige og Finland som gjer han til ein av Nordens mest ettertrakta live-artist.

Med ei handfull hits på topplistene i Skandinavia, og over 540 millionar avspillinger på Spotify, set han standarden for god stemning på scenen. 

Ringnes-Ronny har 888k månedlege lyttarar og fleire millionar streams på Spotify. Danspunk-kongen byr òg på hits som «Fylla igjen», «Valhalla» og «Karl Johan».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.