Motor | 22. aug. 2023

Nytt NM-gull til Trond Tøsdal

Fekk tull med sykkelen, men henta seg inn igjen på vått føre.

Nytt NM-gull til Trond Tøsdal
NM-pallen i supersport 300, f.v.: Martin Eriksen (2. plass), Trond Tøsdal (1) og Micke Elias Meltvewit (3). (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. aug. 2023 20:40

Trond Tøsdal (19) frå Os blei norgesmeister i roadracing på Vålerbanen i helga.

Først sikra han NM-gull i klassen supersport 300, så kasta han seg på 1000 kubikk og debuterte med 5. plass i superbike.

Team Tøsdal #32. Pappa Frank til venstre.
Team Tøsdal #32. Pappa Frank til venstre.

– Eg måtte kjempa hardt om gullet i år, seier Tøsdal, som var tittelforsvarar i supersport.

– Heldigvis har eg eit bra team, eit team som er styrkt av rutinerte Norvald Haaland, som både er god på coaching og heilt rå på det tekniske med syklane.

«Her kan eg køyra fort»

Laurdag landa Tøsdal på 3. plass, søndag gjekk runden på våt asfalt.

– Vi fekk tre testrundar på den våte asfalten, og av éi eller anna årsak fekk eg sjølvtillit av dei rundane. Eg kjente at «her kan eg køyra fort».

Trond Tøsdal i siget. Foto: Merete Jensen
Trond Tøsdal i siget. Foto: Merete Jensen

Han stakk frå alle, fekk ei luke på 40 meter, og så blei det tull med sykkelen.

– Det var som om eg ikkje fekk full gass. Det har skjedd ein gong før.

Tøsdal skrudde av tenninga og på igjen, og det ordna problemet.

– Neste problem var at dei andre henta meg inn igjen og Micke Elias Meltveit køyrde forbi. Men eg klarde å køyra forbi han igjen og inn til siger.

Martin Eriksen, som vann laurdagen, kom på 3. plass. Sidan dei då hadde kvar sin siger og kvar sin 3. plass var dei likt i poeng - og då blei siste løp avgjerande.

Eriksen tok 2. plassen, Micke Elias Meltvewit fekk bronse.

Avgjort på éi helg

– Det blei eit tøft NM denne gong, også fordi vi tidlegare har hatt NM over fleire helger, der samanlagtsiger gav tittel.

– Denne gong var det berre denne helga, og sidan det var vått søndag blei det berre køyrd éitt løp i staden for dei planlagde to.

I trening. (Foto: Team Baggen)
I trening. (Foto: Team Baggen)

– Kva trening har du fått tidlegare i år?

– Lite. Vi var i Spania i vinter og på Baneviken i sommar. No er sesongen over, så då blir det til fysisk å førebu seg på god trening komande vinter.

– Kva klasse eg satsar på neste år, og kva løp eg skal delta i, er ikkje bestemt. Men det var kjekt å køyra 1000 kubikk, ikkje minst sidan det gjekk så bra der òg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.