Motor | 30. mai 2022

Sterk sesongstart av Trond Tøsdal

Vann begge løpa i første NM-runde.

Sterk sesongstart av Trond Tøsdal
Trond Tøsdal #32 i tet på Vålerbanen i helga. (Foto: Team Baggen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. mai 2022 11:56

Trond Tøsdal (18) er i gang med nok ein sesong i Supersport 300. I helga fekk 400-kubikkaren hans køyrd seg godt på Vålerbanen.

– Eg har fått trent godt, både i Spania og på nye Motorcenter Norway i Sokndal i Rogaland, seier Trond til Midtsiden.

– Det har blitt spesielt god fartstrening før årets sesong. Det kom godt med, sjølv om Vålerbanen er liten og teknisk krevjande.

Tøsdal fekk 1. plass i begge løpa i første NM-runde.

Tøsdal i midten. (Foto: Team Baggen)
Tøsdal i midten. (Foto: Team Baggen)

– Har konkurrentane også trent godt, eller var det suverene sigrar?

– Dei har også trent godt. Første løp var jamt, då var vi borti kvarandre i svingar og oppbremsingar, og eg vann med berre fire tidelar. Men i andre løp drog eg tidleg ifrå og vann med over seks sekund.

Også i fjor blei det fleire turar på pallen, inkludert ein førsteplass.

Pallen laurdag. Også søndag tok Tøsdal 1. plass. (Foto: Team Baggen)
Pallen laurdag. Også søndag tok Tøsdal 1. plass. (Foto: Team Baggen)

Neste NM-runde er om to veker på same bane.

– Målet for sesongen er å vinna samanlagt. Då får du også NM-tittelen.

– Har du plan om andre konkurransar enn NM-rundane?

– Det er mogleg at eg prøver meg i ein SM-runde (svensk meisterskap) eller i eit løp i Tyskland, for å kjenna på endå høgare nivå. Men NM har hovudprioritet!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.