Næringsliv | 05. aug. 2019

Nytt «rådhus» i ferd med å bli løfta på plass

I september skal rundt 50 tilsette inn i 3 etasjar. Så blir det oppgradering i Sentrumskvartalet.

Nytt «rådhus» i ferd med å bli løfta på plass
Måndag morgon blei meir innreiing løfta opp til den øvste av dei tre etasjane som no blir utvida del av Os Rådhus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. aug. 2019 10:44

I august i fjor blei Torggata 2, «Drageset-bygget», selt frå Drageset Lyssand-familien til Gjølanger Bruk AS. Eit anna firma eigd av same familie, Sinø Management AS, skal drifta bygget.

I november fekk dei nye eigarane 10 års leigekontrakt på 1200 kvadratmeter, altså heile 2., 3. og 4. etasje.

Leigetakar er Os kommune, som i fjor vedtok leige framfor eige, og som snart skal på flyttefot med delar av administrasjonen.

Overtar i september

Sinø Management AS står sjølv for ansvaret med å setja bygget i stand som utvida del av Os Rådhus.

Arbeidet har pågått frå nyåret, i dag blei materialar og møblar løfta opp i høgda og inn i 4. etasje.

– Alt er nyinnreidd, frå kontor og møterom til kantine og toalett, seier Halvor Hanevik, prosjektsjef i Os kommune.

– Eg har ikkje detaljar framfor meg no, eller innflyttingsdato, men vi skal overta og flytta inn i september.

Rustar opp ein etasje i rådhuset

Det er rundt 50 tilsette i Os kommune som får arbeidsplassen sin i Drageset-bygget.

Så snart dei er på plass i «Rådhuset 2» blir det både ommøblering, flytting og omfattande oppgradering i delar av rådhuset i Sentrumskvartalet.

– Tredje etasje skal, som dei andre etasjane våre, oppgraderast med meir ope landskap, nytt golv, ny belysning og ny ventilasjon. Dette arbeidet vil nok halda fram til ut på nyåret 2020, seier Hanevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.