Helse | ti timar sidan

Nytt styre og ny frekvens for natteravnene

– Nytt dette året er at vi ikkje kjem til å gå natteravn kvar helg.

Nytt styre og ny frekvens for natteravnene
Linda Ullensvang er ny leiar for Natteravnene i Bjørnafjorden kommune. Foto: Susann Haukeland Børnes / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. mars 2026 10:38

Natteravnene i Bjørnafjorden hadde årsmøte i førre veke.

– Der blei Linda Ullensvang valt til ny leiar, opplyser May Brit Haringstad.

Med seg i styret har ho:
Jo Rune Ugulen, kasserar, valt for 2 år
Dag Bang Hansen, styremedlem, valt for 2 år
Anette Dørmænen, styremedlem, valt for 1 år
Lisbeth Prestøy Haugland, styremedlem, valt for 1 år.

Varamedlemmar, valt for 1 år, er:
Cecilie Hallem
Helge Kleppe
May Brit Haringstad

– Det er eit engasjert styre som har konstituert seg. Dei ser fram til å komme i gang med ravning denne sesongen.

Første dag blir fredag 10 april.

– Då er det i samband med arrangement i Tunet der både Natteravnene og MC-ravnene vil ha sesongstart.

– Nytt dette året er at vi ikkje kjem til å gå natteravn kvar helg, men følger planen til MC-ravnene og ungdomsaktivitetane i Tunet, seier Haringstad.

– Vi er ein fin gjeng som har plass til fleire frivillige.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?