Nyttårsvêret blir neppe like fint
Melder snø i kveld og regn seinare i veka.

Mens julehelga har vore solrik, kald og vindstille, er det meldt plussgradar og regn seinare i veka.
Det er meldt snø måndag kveld og natt til tysdag, men opphaldsvêr både tysdag og onsdag midt på dagen.
Onsdag kveld er det meldt regn, og det skal regna heile torsdag og mesteparten av fredag, nyttårsaftan.
Frå onsdag til torsdag skal temperaturen auka frå 3 til 8 plussgradar.
Det er venta regn og 8-9 plussgradar også gjennom den første helga i 2022, men noko lettare laurdag enn søndag.
Det er ikkje meldt heftige vindkast i overgangen til nytt år, sånn det ofte er, men ei auke frå 3-5 m/s fredag og laurdag til 7-9 m/s (frisk bris) søndag.
- Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.