Kultur | 25. aug. 2022

Nyutdanna utstillar i samtale med professor Pihl

Gunhild Sannes møter på vernissasje. Det gjer også Thomas Pihl.

Gunhild Sannes. (Foto: Bjørn Olav Hammerstad)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. aug. 2022 07:02

Førstkomande laurdag opnar Oseana haustens første utstilling i Galleri Hvelvet: Malerier av Gunhild Sannes.

Under opninga vil den internasjonalt kjente kunstneren Thomas Pihl ha ein samtale med Gunhild Sannes.

– Mange kunstinteresserte vil nok hugsa Pihl frå hans store, retrospektive utstilling «Sight Specific» på Kode kunstmuseum i Bergen våren 2021, seier kurator Evelyn Holm.

Pihl var professor ved KMD (fakultet for kunst, musikk og design) og vegleiar for Sannes under hennar masterstudie.

– Sannes gjekk ut av kunstakademiet i Bergen i fjor, og vi er glade og stolte av å kunna invitera til den største presentasjonen så langt av hennar fantastisk flotte malerier - i store format og gjennomskinnelege fargar, malt i den gamle teknikken «egg-tempera», seier Holm.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.