Kultur | 10. aug. 2022

– Ein av våre mest populære

Leif Nyland stiller ut på Vedholmen Galleri.

Av Leif Nyland. Naust og hus ved sjøen er ynda motiv i kunsten som blir utstilt på Sundøy frå laurdag.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. aug. 2022 09:06

Laurdag opnar Vedholmen Galleri separatutstilling av Leif Nyland. Kunstnaren deltar på vernissasjen.

– Dette er Nyland si andre separatutstilling hos oss. Han er ein av våre mest populære utstilliarar, og vi gler oss til denne opninga, seier gallerist Vibeke Harild.

Utstillinga skal stå til 11. september.

Utsnitt av maleri av Leif Nyland.

Nyland er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo innan grafikk og visuell kunst. Dei seinare åra har karriera skote fart, og Vedholmen viser no fleire nye verk.

– Mange av motiva er naust og hus, inspirert av eige heimområde i Fredrikstad. NRK var innom atelieret hans i fjor, og det blei eit flott portrettintervju! synest Harild.

Ho viser også til kunstkritikar Tommy Olsson i Klassekampen sin omtale av Nyland sin kunst frå 2019 (utdrag):

«Verkene beveger seg i ytterkanten av menneskenes verden, hvor naturen begynner. Brygga som strekker seg ut i vannet, og gatekrysset hvor man aner skogen bak bebyggelsen. På mange måter er det en avfolket sommeridyll».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.