Kultur | 25. apr. 2022

Opnar for «Generasjonar» i Oseana

Set det gamle opp mot det nye: Verk frå 77 kunstnarar i ny utstilling.

Opnar for «Generasjonar» i Oseana
«Holding the Skeleton» av kunstnaren Marina Abramović, 2008. (Pressefoto/Oseana)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. apr. 2022 07:19

I desse dagar blir det montert ei jubileumsutstilling i Griegsamlingen i Oseana.

Utstillinga «Generasjonar» er ei markering av to jubileum. Oseana er 10+1 år og Grieg Foundation blei etablert for 20 år sidan.

– Det er ei storslått mønstring med verk frå 77 kunstnarar, der det gamle blir sett opp mot det nye, seier kurator Jørgen Larsson.

Dette er den nytilsette kuratoren i Oseana si første utstilling. Han set den opp saman med Galleri Brandstrups kurator Marit Gillespie.

I arv - med kvar sine sjangrar

Oseanas far Per Grieg sr fekk sitt første kunstverk som student. Sonen Per junior og dottera Elisabeth har arva interessa.

Mens senior si store Griegsamling rommar kunst frå dei førre to hundre åra, består Per jr og Elisabeth sine samlingar av samtidskunst.

Per Jr. Griegs Bjarne Melgaard og Elisabeth Griegs Marina Abramović møter gamle meistrar frå Griegsamlingen, som Nikolai Astrup og Peder Balke i «Generasjonar», som opnar laurdag.

Auka satsing

Utstillinga er starten på ei større satsing på bildekunst ved Oseana, der det no skal byggast eit nytt magasin for å romma all kunsten som til ei kvar tid blir kjøpt inn.

– Sjølv om Grieg senior har blitt 90 år, er han i full driv med utviklinga av Griegsamlingen, som han har jobba med i over 50 år.

– «Generasjonar» viser de mest betydningsfulle verka i samlinga, samtidig som publikum kan få innblikk i kunsten som blir samla av neste generasjon, fortel Larsson

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.