Marknadssjef Sonja Vernøy Hansen og administrerande direktør Jarle Sørstrønen i NDM, som neste år skiftar namn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Marknadssjef Sonja Vernøy Hansen og administrerande direktør Jarle Sørstrønen i NDM, som neste år skiftar namn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Nyvinning i samarbeid med ny eigar

Palfinger-oppkjøpet av NDM har allereie fått positive konsekvensar.

Kjetil Vasby Bruarøy
22. november 2015 - 9:30

I januar i år blei det kjent at det globale selskapet Palfinger frå Austerrike kjøper dekksutstyrsprodusenten NDM frå Os.

Les òg: – Kompetansen var avgjerande

– Tida etter oppkjøpet har blant anna gått med til ein omfattande, men positiv prosess med integrering av NDM i Palfinger Marine-systemet, seier direktør Jarle Sørstrønen.

– Vi har fått ein sterk indistruell eigar som er veldig opptatt av vidareutvikling og av å tenkja langsiktig. Det at  Palfinger Marine  utvidar produktporteføljen med oppkjøp,  effektiviserer og samtidig er villige til å investera pengar i utvikling av nye produkt er svært bra for oss. Slik marknaden er no har vi kapasitet til dette.

Det første store prosjektet er under utvikling saman med søsterverksemda i Bergen, Palfinger Dreggen, ein prosess som både har gjeve resultat inn mot ny marknad for begge firma - og til ordre av nyvinninga.

Bølgekompensert kran

Saman med Palfinger Dreggen har dei i år utvikla og lansert ein 100T aktiv hiv-kompensert offshorekran, der Palfinger Dreggen har laga kranen og NDM har laga ein ny type vinsj og styringssystem til kranen.

– Vinsj og styringssystem er utvikla her på Os. Montering og testing skal gjerast  ved Palfinger Dreggen sin fabrikk i Gdynia i Polen, fortel Sørstrønen.

– Det er ein kompleks kran bygd for å setja ut utstyr på havbotnen. Den kan operera ned på 3000 meters djupne, men skal i dette tilfellet leverast med noko kortare vire for operasjonar 1000 meter under havskorpa. Dette er ein ny marknad for både oss og Dreggen.

Selt til Norside

Nyvinninga har allereie nådd marknaden, den første kranen skal installerast om bord på Norside sitt skip, «Vestland Cygnus».

«Vestland Cygnus» er eit VS485 MKIII fartøy designa av Wärtsila. Fartøyet blei levert frå Fjellstrand tidlegare i år, men skal no gjennomgå eit ombyggingsprogram ved same verft. Etter ombygginga er fartøyet utstyrt med ein bustadmodul før å auke kapasiteten til 134 personar, ein bølgekompensert gangveg og ein 100T AHC kran.

– Hovudårsaka til at vi valte kranen frå Palfinger Marine er den låge vekta i kombinasjon med lågt tyngdepunkt, noko som gjer det mogleg for oss å bruka ein større kran enn det som i utgangspunktet var planlagt, seier Hans Martin Gravdal, reiar og eigar av Norside.

– Dei gode tekniske løysingane i kombinasjon med pris, og at selskapet høyrer heime i Bergen, er årsaka til at vi til slutt enda med å signera kontrakt med Palfinger.

Vekst i nedgangstider

NDM auka  frå 73,4 til 107,5 millionar i omsetnad frå 2013 til 2014. Nedgangen innan olje og gass gjer at fleire utstyrsleverandørar har fått det tøft.

I 2015 ligg omsetnaden til NDM likevel an til å landa på 135 til 140 millionar kroner. Ordrereserven blir sett på som sunn, men dei er avhengig å selja nokon meir for å fylla opp ordreboka for 2016.

– Det er svært tøffe tider. Vi har stor aktivitet på salssida og har mykje å rekna på, for marknaden går breitt ut når dei sjekkar prisar. Men det er færre prosjekt som blir noko av. Konkurransen er høgare og marginane lågare – samstundes merkar vi at det tar lengre tid å få avklaringar i dei ulike prosjekta, seier marknadssjef Sonja Vernøy Hansen.

NDM har 32 tilsette på hovudkontoret i Ulvenparken i Os og 3 tilsette ved avdelinga i Ulsteinvik. Palfinger Dreggen har cirka 90 tilsette.

Hansen og Sørstrønen gler seg over ein grei ordereserve som tillet drift på same nivå som no godt ut i 2016, men er klar over den vanskelege marknadssituasjonen, som allereie påverkar dei, og vil påverka dei en god stund til.

– Nedgangen  vil nok vara nokre år til. Vi er derfor førebudd på at vi neste år, når vi skal selja inn for 2017, vil få ein tøffare jobb enn før.

– Då er det på fleire måtar godt å  vera ein del av eit større konsern og ein global aktør som Palfinger Marine. Både fordi det åpnar seg nye muligheiter marknadsmessig, men og fordi vi ser at vi får styrka konkurransekraft  i lag med dei andre selskapa i Palfinger Marine systemet.

Frå mars 2016 blir NDM slått saman med Palfinger Dreggen til det som skal heite Palfinger Marine Norway.  NDM held fram som eigen forretningseining på Os under namnet Palfinger  Winches and Offshore Equipment.

Midtsiden samleside: Næringsliv

 

Les meir om

Næringsliv Industri