Sport | 11. aug. 2016

OL-meister til Os

Greg van Avermaet, som vann landeveisrittet i Os i Rio, kjem til Os og Tour des Fjords. – Det er heilt fantastisk. Vi treng framleis fleire frivillige, seier Søviknes.

OL-meister til Os
OL-vinnar Greg van Avermaet blir ein av rytterane som stiller på start under Tour des Fjords på Os (bilde frå fjorårets ritt: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 11. aug. 2016 08:19

Noko overraskande var det belgiske Greg van Avermaet som stakk av med den gjevaste OL-medaljen under herrane sitt landeveisritt i OL i Rio.

No stadfestar Roy Hegeberg i Tour des Fjords ovanfor RA at OL-vinnaren er ein del av BMC-laget som stiller på startstreken når rittet startar i Os 31. august.

– Det er heilt fantastisk. Eg trur aldri det har vore eit idrettsarrangement på Os med så mange internasjonale stjerner som det blir under Tour des Fjords, seier ein entusiastisk ordførar og lokal prosjektleiar, Terje Søviknes.

Av dei andre world tour-laga er Katusha med Aleksander Kristoff, IAM med Sondre Holst Enger og Tinkoff også stadfesta. I tillegg står 11 Pro Continental-lag og 8 kontinental-lag på startstreken i Tour des Fjords.

Treng fleire løypevakter

Måndag hadde den lokale organisasjonskomiteen møte for å sjå om dei hadde ting under kontroll. Programmet har vore klart lenge, med underhaldning, barneritt, mattelt og BMX-show (sjå programmet her).

– Vi har dei folka vi treng på opp- og nedrigg, men har fått melding frå Tour des Fjords at vi treng fleire løypevakter, for å ta ivare tryggleiken til løperane under rittet, enn det vi først såg for oss.

– Det er omlag 85 løypevakter vi treng, så om det er nokon som har ein fridag til overs, eller moglegheit til å ta seg fri frå i 13-tida onsdag 31. august, så er det berre å melda seg til Tom Leonsen på e-post.

– Det er ei enkel oppgåve. Løypevaktene skal stå i kryss til sidevegane og stoppe trafikken når rittet kjem forbi. Ein må vera disponibel frå 1330 til 1500. Det vil bli organisert slik at ein blir tildelt ei rode, kor ein rodesjef vil styre kven som står kor. All informasjon om oppmøtestad og arbeidsoppgåve vil bli sendt ut på e-post i forkant, fortel Søviknes.

Inviterer fusingane med

Alle som melder seg som frivillige får betalt 100 kroner per time per person som dei kan gje vidare til eit lag eller ein organisasjon i Osbygda.

– Det gjeld sjølvsagt også for dei som bur i Fusa. Vi skal jo bli ei kommune så om det er fusingar som vil vera med og gjera ein jobb, så er dei hjarteleg velkomne til å gje pengane til eit lag på Fusa.

Utfordrar skulane

Sjølv om skulane ikkje har starta opp att etter sommarferien så har Søviknes planen klar.

– Vi jobbar no med informasjon til alle skulane og barnehagane kor vi oppmodar dei til å stille opp i sentrum, eller langs løypa for å visa at på Os kan vi laga liv. TV2 sender jo direkte, så her er det berre å stille med flagg, plakater og køyre full pakke, avsluttar Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.