Ølfestivalen er i gang

Mange smakar i små porsjonar er oppskrifta - saman med ekspertar å diskutera med.

Ølquizbok-forfattar Sammy Myklebust og bryggar Tarjei Skeie koste seg med ulike smakar i teltet fredag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. aug. 2021 11:35

I samband med at Elvehuset både har utvida sortimentet og fått løyve til å brygga sitt eige øl, er det i helga lansering av ølet «Nøkken» og to dagar med øl- og ciderfestival.

Lanseringa var ikkje med talar, snorklipping eller annan brask og bram, men med pubkveld og livemusikk i festivalteltet bak mot Baronselvo.

– For det første har Elvehuset eit heilt framifrå utval etter at dei auka frå 40 til 60 variantar, for det andre blei «Nøkken» som vi venta, seier Cato Larsen.

Saman med tidlegare bryggerikollega Tarjei Skeie har han sett ølet til Elvehuset og stiller opp for restauranthuset.

Cato Larsen og Jostein Eck på tampen avførste festivalkveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Vi hjelper med brygging og med ei liste å plukka variantar frå, og så er vi her under festivalen så folk kan prata øl med oss. Vi synest det er kjekt at Jostein er så initiativrik, og måten han kombinerer øl, cider og mat på. Dett ligg an til fine smakskombinasjonar, seier Cato, som har funne sin eigen favoritt.

– Slakterbiff saman med Kinn Rekved er ein vinnar!

– Korleis fungerer smakinga, det er jo grenser for kor mange halvlitarar du rekk på ein kveld.

– Du kjøper bongar, der kvar bong gir 1,1 desiliter. Då rekk du innom ein del variantar.

Tom André og Isabelle fortel om godt sal av Kinn, Elø og Frydenlund. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Bartendarane Tom André og Isabelle synest gjestane er flinke å smaka ulike typar øl og cider.

– Vi har godt sal av blant anna Kinn og Elø, men det går også ein del Frydenlund tapp.

Det var knapt halvfullt i teltet då Midtsiden var innom i 21.30-tida fredag, men dei som var der var nøgde.

– Godt øl og flott opplegg, skryter Robert Matre.

Robert Matre fekk ikkje med seg kona på bildet, men venninna Judith stilte opp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Arrangør Jostein Eck ventar høgare aktivitet i dag, laurdag.

– Vi startar klokka 12, og frå 12 fram mot klokka 15 kan folk koma innom og løysa quiz på eit ark. Dei ti beste får plass på blindtesten klokka 15.

Festivalen held fram i telt utover ettermiddagen. Klokka 16 går Blue Note Shuffle på scenen. Dei kjem tilbake for konsert seinare, når festivalen har flytta inn i dei to etasjane.

Frode Holmefjord var gårsdagens trubadur, i dag speler Blue Note Shuffle både på dagtid og kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.