Lokal | 30. juni 2020

Omvendt bursdag: Kjøper ny hjartestartar til Os turn

– Viktig at det framleis er ein sånn på kiosken, meiner Trond Hope.

Omvendt bursdag: Kjøper ny hjartestartar til Os turn
Kjøpmann Trond Hope gir vekk gåve verdt rundt 20.000 kroner på bursdagen sin. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. juni 2020 13:30

I går fekk politiet melding om tjuveri av hjartestartar frå utsida av kiosken på Kuventræ.

Os turnforening fekk ny hjartestartar i oktober i fjor, etter at den som redda liv i 2017 blei stolen. Trass to tjuveri er dei framleis opptatt av at denne skal henga ute.

I dag løyste det seg òg raskt.

– Vi må kunna bidra litt, seier kjøpmann Trond Hope, som sjølv har bursdag i dag.

Vegen var kort til bestilling, ein tidlegare tilsett, Kristian Eck, jobbar no hos hjartestartarleverandør Røde Kors Førstehjelp AS.

– Ei viktig sak på ein viktig stad

Rema 1000 Kuven stasjon er frå før sponsor av Os Fotball, både med sal av fotballbrød og med ein meir omfattande sponsoravtale.

– Dette er ein lei sak, etter ein episode som aldri burde skjedd. Det er trist at ein hjartestartar må erstattast, og viktig at denne er tilgjengeleg utandørs, på ein stad som Kuventræ, der folk i alle aldrar samlast.

Hope har sjølv hatt hjartestartar i butikken i over ti år.

– Den har heldigvis ikkje vore i bruk, men det er godt å ha den i nærleiken om det skulle bli behov.

– Du er raus på bursdagen din - har du sjølv fått gåve i dag?

– Eg har vore på jobb i heile dag, men kanskje eg får noko seinare. Gåver er uansett ikkje så viktige i min alder, eg har fått mange gratulasjonar, og det varmar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.