MidtsidenCup | 12. nov. 2021

Ønskjer påfyll til MidtsidenCup

– Vi har mange amatørlag, men har plass til fleire i alle kategoriar.

Tittelforsvararane i Sunday League Football er påmeldt. Her før finalen sist gong, i 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. nov. 2021 14:04

Laurdag om ei veke er det tid for gatecup for vaksne på Kuventræ.

Torkel Hjertnes frå Os Fotball fortel om god påmelding i enkelte klassar, men arrangørane har forlenga fristen til søndag i håp om å få endå fleire med.

– Vi har greit med påmeldingar i mix og bedrift, og flest i herrar amatør. Men vi ønskjer endå fleire i alle klassar, seier Torkel.

Samtidig kjenner han til fleire som framleis jobba med å stabla saman eit lag.

– Eliteklassen ligg an til å bli avlyst, med mindre det ramlar inn eit lite lass med lag i helga. Dei andre kan gjennomførast, men skulle helst hatt eit par fleire på herrar amatør og minst 3-4 fleire i dei to andre klassane.

Blant påmeldte lag er tittelforsvarar Aarvik i bedriftsklassen, Bjørnafjorden brann og redning i same klasse, og tittelforsvarar Sunday League Football i klassen herrar amatør.

– Vanlegvis arrangerer vi MidtsidenCup den andre helga i november. I år kom den ei helg seinare, grunna reise i fotballadministrasjonen. Med To Vitse Menn i Oseana neste helg, og kanskje fleire julebord, kan det ha vore uheldig med denne utsettinga, seier Torkel om den noko svakare responsen enn vanleg.

– Men vi håper likevel det er fleire som ønskjer å spela fotball med og mot kameratar og andre sambygdingar.

Sjå også samleside: MidtsidenCup

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.