Lokal | 29. mai 2020

Opnar for besøk og mottak av gåver

– Karantenerommet har i periodar sett ut som ein blomsterbutikk.

Opnar for besøk og mottak av gåver
Luranetunet har tatt imot besøk på eige rom, og ute, i snart to veker. No kan du òg besøka på rommet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. mai 2020 08:06

På regjeringa sin pressekonferanse om reduserte smittetiltak opplyste helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) onsdag om oppheva besøksforbod ved helse- og omsorgsinstitusjonar.

– Besøkstansen har ramma hardt. Mange har over lang tid ikkje hatt besøk, eller hatt begrensa besøk. Eldre og sjuke har ikkje fått sjå sine nærmaste, nybakte fedre har ikkje fått vore med mor og barn i barsel, sa Høie.

– Akkurat korleis det blir der du skal på besøk blir eit samarbeid mellom deg og akkurat der du skal på besøk. Eg har mest tru på at dei som er nærmast utfordringane veit best korleis dei kan løysa dei.

– Viktig å få på plass raskt

Institusjonane i Bjørnafjorden har tatt imot besøk sidan onsdag 13. mai, men då berre dei to nærmaste pårørande, i inntil 30 minutt, på eige besøksrom.

Fagsjef for pleie og omsorg i Bjørnafjorden kommune, Gro Elisabeth Almås, seier leiinga og einingane i går jobba intenst med å tilpassa seg dei nye retningslinjene.

– Når folk ser at regjeringa løyser opp, er dei raske med å villa koma på besøk. Vi hadde folk på døra både på Luranetunet og på Fusa bu- og behandlingssenter i går.

– Vi må først rigga oss internt, og det har skjedd raskt.

Begge institusjonane opnar yttarlegare opp frå laurdag 30. mai, altså i morgon.

Dei nye retningslinjene ser du under.

Eit renn av gåver og blomar

– Vi har hatt nesten tre veker med begrensa besøk no, og det har fungert veldig fint. Men det har vore stor pågang og fulle besøkslister, mange har fått seg ein halvtime med sine nærmaste, og det har vore ei stor glede for både bebuarar, slekt og tilsette.

Det blir no òg slutt på å setja gåver, blomar og varer i karantene før levering.

– Det har vore rørarande å sjå kor mange gåver bebuarane har fått, og karanteneromma har i periodar bugna av blomstar.

Omstilling og organisering krev sitt. Fagsjefen er imponert over korleis dei tilsette har møtt nye oppgåver.

– Tilsette, inkludert verneombod, tillitsvalte og besøksvertar, har vist ein enorm entusiasme! Det har vore mykje jobb, men det har først og fremst vore kjekt å kunna opna meir opp.

– Samtidig tar vi framleis smittevern på alvor. Vi er glad for situasjonen vi er i, men har fokus på at vi også i tida som kjem ikkje vil ha smitte inn på institusjonane våre.

Under følgjer rutinene for besøk som gjeld frå laurdag 30. mai

Gjester må avtala besøk med avdelinga på førehand, setja seg inn retningslinjene og følgja smittevernråda under heile besøket.

Retningslinjer for besøk til sjukeheimane:

  • Det vil vere besøkstider ved institusjonane. Ring avdelinga for informasjon og for å avtale besøk.
  • Maksimalt to besøkande per besøk, slik at det er mogleg å oppretthalde anbefalt avstand (1 meter).
  • Besøkande må følgje gjeldande rutinar og smittevernråd.
  • Personar med sannsynleg covid-19-smitte kan ikkje komme på besøk til sjukeheimane. Det same gjeld personar i heimekarantene og personar med symptom på luftvegsinfeksjon. Sjølv ved milde symptom, skal du halde deg heime.

Under besøket:

  • Besøkande signerer på eigenerklæring når dei kjem.
  • Alle besøkande må vaske hendene grundig med såpe og vatn/desinfeksjonsmiddel, også ved besøk utandørs.
  • Besøkande skal gå direkte til og frå rommet, og ikkje opphalde seg i fellesareal.
  • Besøkande skal halde minst 1 meters avstand til den dei besøker, tilsette og andre bebuarar.
  • Det er ikkje lenger nødvendig levere gåver, blomar og liknande i resepsjonen. Bebuarar kan ta imot dette under besøket.
  • Vi oppmodar til å ikkje ta med mat og drikke.
  • Besøkande som seinare blir testa for covid-19, skal opplyse om at dei har vore på besøk på sjukeheimen, som ein del av smittesporinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.