Helse | 09. des. 2021

Opnar influensavaksinasjon for alle

– Du treng verken vera i målgruppa eller bestilla time.

Opnar influensavaksinasjon for alle
Torsdag i neste veke kan kven som helst ta influensvaksinen gratis i Oshallen (Bildet) eller Fjord'n Senter. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. des. 2021 11:29

Torsdag 16. desember kan alle som ønskjer årets influensavaksine møte opp til gratis massevaksinasjon i Oshallen eller Fjord'n senter.

– Vi har framleis ein god del vaksinedosar igjen, ogvil gjerne bruka opp alle, seier vaksinekoordinator i Bjørnafjorden kommune, Nina Norheim Oen.

Oshallen og Fjord'n senter har ope frå 8.15 til 11.30. Du kan velja mellom å bestilla time eller berre koma innom.

– Tidlegare massevaksinasjon blei ikkje så travel. For å unngå å binda opp mykje helsepersonell ein heil dag, køyrer vi det litt kompakt på ein formiddag.

– Influensavaksinen kjem, i motsetnad til koronavaksinen, ferdig opptrekte på sprøyter, så vi rekk endå fleire i timen. Så sant folk stiller, seier Nina til Midtsiden.

Vil du sikra deg eit bestemt klokkeslett, kan du bestilla time på helsenorge.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.