Politi | 04. aug. 2021

Oppdaga to menn i naboen sin garasje

Stakk frå staden då naboen lyste på dei.

Oppdaga to menn i naboen sin garasje
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. aug. 2021 07:35

Klokka 02.41 natt til onsdag blei politiet oppringt av ei dame som observerte folk i naboen sin garasje i Skjelåsen i Lysefjorden.

– Då ho opna terrassedøra høyrde ho at dei snakka austeuropeisk. Så lyste ho på dei med mobiltelefonen, og då sprang dei inn i ein varebil og køyrde frå staden, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet rykte ut og stoppa ein varebil i Drangsvegen. Denne var køyrd av ein austeuropear, men han var åleine i bilen og jobba som bod.

Huseigar skal ha sjekka garasjen, og det ser ved første augekast ikkje ut som om noko er stole.

Også for to dagar sidan blei eit innbrotsforsøk hindra. Det var i eit næringsområde på Søfteland.

– Eg vil oppfordra folk å låsa garasjar og bodar, og å ikkje ha for mykje verdisakar liggande ute.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.