Lokal | 10. apr. 2019

Opprykkslaget fekk bukett av ordføraren

Os Musikkforening er tilbake etter NM-sigeren i Trondheim.

Opprykkslaget fekk bukett av ordføraren
I helga rykka dei opp til 1.divisjon - på måndag var det attende på øving. Ordførar Terje Søviknes overraska Os Musikkforening med besøk og helsing. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 10. apr. 2019 09:08

Bildeserie:

På gangen kom dirigent Magnus Brandseth susande inn - på sykkel. (Foto: KOG)
På gangen kom dirigent Magnus Brandseth susande inn - på sykkel. (Foto: KOG)
Ordføraren fortalde at 250.000 kroner i KUP-midlar til Os skulekorps ikkje var utan grunn; dei skal syta for rekutteringa dykkar. (Foto: KOG)
Ordføraren fortalde at 250.000 kroner i KUP-midlar til Os skulekorps ikkje var utan grunn; dei skal syta for rekutteringa dykkar. (Foto: KOG)
– Har vi ein dirigent her? Styremedlem Ole Irgens leia markeringa på måndag. (Foto: KOG)
– Har vi ein dirigent her? Styremedlem Ole Irgens leia markeringa på måndag. (Foto: KOG)
Ikkje heilt kledd for ordførar- og pressebesøk. Dirigent Magnus Brandseth tok det heile sporty. (Foto: KOG)
Ikkje heilt kledd for ordførar- og pressebesøk. Dirigent Magnus Brandseth tok det heile sporty. (Foto: KOG)
Os Musikkforening vann i 1986 det som i dag er elitedivisjonen - no er nærmar dei seg same formen. (Foto: KOG)
Os Musikkforening vann i 1986 det som i dag er elitedivisjonen - no er nærmar dei seg same formen. (Foto: KOG)
Brandseth fekk blomar og gåve frå korpset. Det er ikkje opplyst korleis han fekk dette med seg heim på sykkelen. (Foto: KOG)
Brandseth fekk blomar og gåve frå korpset. Det er ikkje opplyst korleis han fekk dette med seg heim på sykkelen. (Foto: KOG)
1 av 6

Lite visste korpset at på gangen stod ordførar Terje Søviknes med pressa på slep.

Lite visste styremedlem Ole Irgens at dirigent Magnus Brandseth i dag skulle sykla til øvinga, frå Nesttun. Klokka var ti over avtalt tid då det blei rapportert at Brandseth nett hadde passert Uno-X.

Veldig lite visste Brandseth at ordførar, pressekorps og korpset no venta på han - han var jo kledd i åletrange sykkelklede og sko lite eigna å spasera på.

Det var klappa og klart for å markera Os Musikkforening sitt opprykk til 1. divisjon.

På veg mot '86-formen?

Laurdag deltok Os Musikkforening i NM janitsjar i Olavshallen.

Dei vann 2. divisjon og rykker opp til 1. divisjon, tre år etter opprykket frå tredje- til andredivisjon.

– Dei las opp gruppeprisen først, og då klarinettgruppa vår fekk gruppepris trudde vi at toget for siger var gått. Det er sjeldan at eit korps tar storeslem med både siger og gruppepris, seier styremedlem Bjarte Skåtøy.

Med siger følgjer opprykk; Os Musikkforening er tilbake i 1. divisjon, for første gong sidan 80-talet.

– Det er seks år sidan vi byrja å konkurrera igjen. Det er mogleg å sleppa å byrja nedst, i 7. divisjon, så vi sendte inn eit opptak og blei direktekvalifiert til 3. divisjon.

No har korpset klatra opp til nest øvste nivå.

– Elitedivisjonen er ganske profesjonell, her er det fleire med musikk som yrke, og gjerne ikkje så mange musikarar frå akkurat den bygda korpset er frå.

For dei som hugsar attende til 1986, vann Os Musikkforening den gongen 1. divisjon, det som i dag er elitedivisjonen.

Os legg til rette

I eit landskap med 113 andre korps fordelt på om lag 5.500 korpsmedlem er, Os Musikkforening no rekna som nummer 23 i landet.

Ordførar Søviknes nytta høvet til å takka musikantane for solid innsats under meisterskapen. Han trakk òg den nylege utdelinga av KUP-midlar inn i helsinga;

– Det var ikkje utan grunn at jubilanten Os skulekorps fekk henta ut 250.000 kroner i støtte i årets utdeling - dei skal syta for rekrutteringa til Os Musikkforening for framtida.

Dette utsagnet fekk Vargasalen til å bryta ut i spontan applaus.

Etter at styreleiar Hilde Hegenes hadde fått buketten frå ordføraren, tok styremedlem Ole Irgens ordet, og kom med ei lita melding attende til ordføraren;

– Eg bur i Bergen, og det er er inspirerande å få vera ein del av kulturlivet her i Os. Det å byggja eit kulturhus til 220 millionar fortel noko om vilja til å leggja til rette for den lokale kulturen. Samstundes har vi eit stort ønskje - nemleg å få kunna låna og nytta storsalen i Oseana oftare, gjerne til ein litt lågare pris. No har vi nett spelt i den store, flotte Olavshallen i Trondheim, og vi treng å få øva i slike flotte salar - ein slik ligg i jo i etasjen over oss.

- Kanskje du ordførar, eller nokon andre som har moglegheit til å påverka dette, kan sjå på saka?

Før korpset feira vidare med øving og kaker fekk dirigent Brandseth både blomehelsing, gåve og gjeve ord frå eit samla korps.

Les òg: Os Musikkforening gav solistoppdraga til dei yngste

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.