Debatt | 19. jan. 2026

Opsjonsavtalen for hotelltomta – eit knefall for utbyggarane

Korleis har utbyggarane klart å overtyda Bjørnafjorden om at dei treng økonomisk hjelp frå kommunen?

Opsjonsavtalen for hotelltomta – eit knefall for utbyggarane
Hotelltomta har vore brukt til parkering frå start. Naboar både framfor og bak tomta reagerer på høgda i hotellplanane – og avtalen kommunen teikna. Foto: Midtsiden
Lesarinnlegg
Lesarinnleggmåndag 19. jan. 2026 11:19

No har vi fått lesa opsjonsavtalen som Bjørnafjorden kommune og Osøyro Eigedomsutvikling har skrive under på. Då sit vi att med eitt stort spørsmål:

Korleis har utbyggarane klart å overtyda det politiske miljøet i Bjørnafjorden om at dei treng økonomisk hjelp frå kommunen for å kunna byggja på tomta?

Her er fakta som kjem fram i avtalen:

  • Kjøpesummen er den same som Os kommune betalte i 2013.
  • Normalt ville verdien på ein slik eigedom ha auka med minst 3 prosent per år. Då er det sannsynleg at det vart betalt altfor mykje for tomta i 2013. Uansett – kommunen har tapt pengar på dette tomtekjøpet.
  • Om utbyggarane byggjer hotell, slepp dei å betala nesten heile kjøpesummen med ein gong. Dei skal først betala etter fem år. Dei får i røynda eit rimeleg lån på meir enn 22 millionar kroner frå kommunen i fem år.
  • Bjørnafjorden kommune pliktar seg til å betala dei første 6 millionane av forbetringsarbeidet som må gjerast på vegen inn til området. Blir arbeidet dyrare enn 12 millionar, skal kommunen betala halvparten av summen over 12 millionar. Kostar arbeidet til dømes 20 millionar, må kommunen ut med 10 millionar. Kostar det 30 millionar, må dei ut med 15 millionar.

Det kan seiast mykje meir om opsjonen. Vi vil her berre ta med eit sitat frå avtalen, frå første sida nederst på arket:

«Utviklerne har sagt seg villig til å forsøke å utvikle et hotellprosjekt på eiendommen i tråd med Selgers ønske og formål beskrevet over.»

Vår kommentarar:

Formålet er kort fortalt at Os sentrum skal få eit hotell med gode fasilitetar, kopla saman med Oseana. Det står heldigvis ikkje noko om at det skal vera eit femstjerners hotell, ha minst 200 rom og gå 40 meter til vêrs.

Slik vi har tolka det, ønskte politikarane i Os eit mindre hotell. Det kunne utbyggarane hatt behov for økonomisk hjelp til. Eit hotell av den kaliberen dei no vil byggja, treng dei neppe økonomisk hjelp til. Dette er i seg sjølv eit milliardprosjekt. Her er det berre snakk om profittmaksimering – vil vi tru.

Konsekvensane

Om kommunen lèt dei byggja hotellet dei no føreslår, får utbyggarane både i pose og sekk, på kostnad av oss minst 150 husstandar som bur nær hotellet, og alle andre som er glade i Mobergsvikjo og Osøyro-området.

Eit slikt bygg vil for alltid endra bygda sitt sentrum og verta ein målestokk for kva som vert tillate i framtida. Det er skremmande!

Beste helsing
styret i Foreninga Midtskogen vel

Knut Natvik, leiar
Truda Lunde, nestleiar
Laila Moberg, styremedlem
Renée Førde Bernsen, vara

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.