Debatt | 08. des. 2025

Borga på Osøyro - del 4

Eg håpar inderleg at eg tar feil i at saka i røynda er avgjort på det kommunale planet for lenge sidan etter ein studietur til København for 17 år sidan.

Borga på Osøyro - del 4
Knut Natvik, innsendar av lesarbrevet. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Lesarinnlegg
Lesarinnleggmåndag 08. des. 2025 09:34

For tida opplever eg at vi i Foreninga Midtskogen ikkje får svar på legitime spørsmål til dei som arbeider på oppdrag for utbyggarane av høghotellet på Mobergsneset.

Då blir eg enda sikrare på at denne saka skal dei ha gjennom uansett kostnadene for andre. Lenge lurte eg på om stategiane for korleis dei skal få dette til var laga for lenge sidan.

No er eg ikkje i tvil.

Strategiane vart lagt lenge før Oseana og boligblokkane på Mobergsneset kom opp. Ta berre ein titt på eit oppslag i Midtsiden. Artikkelen med overskrifta:

2008: Her kom Smørås med hotellideen.

Då var Grieg-arkitektane, Kjetil Smørås og Ordførar Terje Søviknes på studietur til kulturhuset Lousiana utanfor København i samband med at Oseana vart planlagd.

Smørås kjem alt då med alle krava han meiner hotellet må stetta. I tillegg seiar han også at dei har tenkt å ta i bruk Mobergsviken til hotellgjestane i tillegg til Oseana, kulturhuset vårt.

Då blir det mindre Mobergsvik og mindre kulturhus på folk flest. Les artikkelen så skjønar de opplegget deira.

Dette er utan tvil privatisering av fellesgoder.

Kvifor var ein hotelldrivar med på studieturen?

Eg skjønar heller ikkje kvifor ein hotelldrivar er invitert med på denne studieturen som gjeld eit kommunalt kulturhus som skal byggast.

At ein har med seg arkitektane er flott.

Det hadde vore greitt å veta kva andre politikararar som var med, for det var vel ein kommunal studietur?

No er vi i siste fase av prosessen for hotellet dei arbeider for

Eg har sjølvsagt lest alle utgreiingar i saka, også kommunaldirektøren sin til Utval for plan, bygg og miljø. Han ser alle utfordringane med hotellprosjektet, men konkluderar etter mitt syn feil. Det synes eg er gale.

Han berre peiker på at det er eit politisk spørsmål om ein vil gå så langt opp i høgda som 40 meter.

Det kan også etter mitt syn verta eit rettsleg spørsmål midt i neste valkamp.

Eg håpar inderleg at eg tar feil i at saka i røynda er avgjort på det kommunale planet for lenge sidan etter ein studietur til København for 17 år sidan.

Kanskje vil ein høyra på gode argument mot planane slik dei no er, for dei finnes det mange av. Høgda og ambisjonane må ned. Tomta er for liten til dette.

Tida vil visa. God jul til alle!

Beste helsing Knut Natvik

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.