Sport | 29. mars 2017

Os 2 vann 15-0!

– Eg er nøgd med at dei held konsentrasjonen oppe etter 7-0 til pause, seier Karl Kvile.

Os 2 vann 15-0!
Toppskårar og kaptein Vegard Hjelle (5 mål) gratulerer Ola Lekven Moberg med skåring. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. mars 2017 23:05

Bildeserie:

Rafael skaut denne i stolpen ved kryssen. (Foto: KVB)
Rafael skaut denne i stolpen ved kryssen. (Foto: KVB)
Calvin frå England er på prøvespel for A-laget. Han fekk seg éi nettkjenning. (Foto: KVB)
Calvin frå England er på prøvespel for A-laget. Han fekk seg éi nettkjenning. (Foto: KVB)
Lagkameratar og A-spelarar på tribunen. (Foto: KVB)
Lagkameratar og A-spelarar på tribunen. (Foto: KVB)
Alexander Tøssebro med målgjevande corner. (Foto: Nicholas F. Bruarøy)
Alexander Tøssebro med målgjevande corner. (Foto: Nicholas F. Bruarøy)
Kaptein Hjelle skåra heile fem mål. (Foto: KVB)
Kaptein Hjelle skåra heile fem mål. (Foto: KVB)
Tøssebro, som skåra i debuten for A-laget laurdag, skåra også for Os 2. (Foto: KVB)
Tøssebro, som skåra i debuten for A-laget laurdag, skåra også for Os 2. (Foto: KVB)
Midtstoppar Simon skåra to. (Foto: KVB)
Midtstoppar Simon skåra to. (Foto: KVB)
Innlegg av Egge Drange. (Foto: KVB)
Innlegg av Egge Drange. (Foto: KVB)
Hjertnes skåra to. Her legg han inn. (Foto: KVB)
Hjertnes skåra to. Her legg han inn. (Foto: KVB)
1 av 9

Os 2, som speler i 5. divisjon i år etter nedrykk i fjor, har hatt ein god vinter. I treningskampar har dei blant anna slått Djerv, som rykte opp til 4. divisjon i fjor, og Viking sitt juniorlag, men spelt uavgjort mot Søfteland.

På Kypros for ei god veke sidan blei det 10-1 mot eit lag frå Sveits, i kveld blei det endå meir målrikt - mot Fitjar.

Fitjar speler i same avdeling som Søfteland (5. div) i år.

– Dei ba oss om treningskamp, men sa ifrå ved ankomst at dei stilte litt ungt i dag, seier Os 2-trenar Karl Kvile.

– Det var ikkje optimalt for vår del, men gutane var disiplinerte og tok det som ei øving på angrepsspel.

Os 2 - Fitjar 15-0 (7-0)
Målskårarar: Vegard Hjelle 5, Torkel Hjertnes 2, Simon Søvik 2, Ola Lekven Moberg 2, Alexander Tøssebro, Calvin (på prøvespel frå England), Steffen Kvamsdal og Ådne Onarheim.
Os 2: Erlend Hevrøy/Glenn Hjelle - Endre Brenne, Simon Moberg Søvik, Jonas Hovland, Fredrik Haustein - Rafael Villén, Calvin (frå England, på prøvespel for A-laget) - Torkel Hjertnes, Ola Lekven Moberg, Alexander Tøssebro - Vegard Hjelle.
Innbytarar med speletid: Ludvig Egge Drange, Ådne Onarheim, Steffen Kvamsdal og Anders Skaar.

– A-laget hadde nokre spelarar som trengte speletid. Brenne gav seg etter 10-12 minutt, Torkel og Rafael fekk kvar sine 60. Då blei to av dei vi skifta ut i pausen sett inn igjen.

– Det blei mange fine angrep. Den finaste skåringa var det nok dagens toppskårar, kaptein Vegard Hjelle, som sette inn. Ballen kom høgt frå midtstoppar opp til ein spiss, som la tilbake i lufta til ein Hjelle som skåra på heil volley. Ballen var med andre ord ikkje i bakken før etter at den hadde vore i nota.

• Les òg: Stallen til Os 2 er tatt ut

Før seriestart skal Os 2 spela treningskamp mot Fana 2 og Gneist.

– Då får vi nok ein betre peikepinn på korleis vi ligg an, seier Kvile.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.