Sport | 28. mai 2019

Os har fått ny hovudtrenar

Dette seier Trond Budal om oppkøyringa og status i stallen.

Os har fått ny hovudtrenar
Etter eit år som assistent overtar Trond Budal som hovudtrenar for Os sitt damelag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. mai 2019 11:26

I mars blei det klart at Gitte Torp ikkje ville halda fram som hovudtrenar for Os sitt damelag i handball. Torp fekk ny trenarjobb i Askøy il.

Trond Budal, som var assistenttrenar gjennom fjorårssesongen, overtar som hovudtrenar for Os, som etter nedrykket i vår speler i 3. divisjon frå hausten.

– Vi ønskjer ein trenar med fokus på breidde og med lokal forankring. Avgjerda er tatt i samarbeid med Nore Neset il, då spelarar frå samarbeidslaga kan bli aktuelle for hospitering i denne divisjonen, seier styreleiar i Os TF handball, Rebecca Lerch Dahl.

– Trond har ein solid og fagleg god bakgrunn, og har verdiar i tråd med idrettslaget. Vi er glad han takka ja.

Tilbake som hovudtrenar

Trond Budal har vore handballtrenar i 20 år, først med jenter 12 på Nore Neset, seinare for blant anna Nore Neset senior, bylaget G16 og for SUM-lag (soneutviklingsmiljø).

– Førre sesong, med Os i 2. divisjon, var min første assistentjobb. Det var uvant å ikkje ha hovudansvaret, men meg og Gitte er like glade i å jobba strukturert, så vi samarbeidde godt. Vi var naturlegvis ikkje einige i alt, men eg synest vi hadde ein fin sesong saman, seier Budal.

Han hadde toårskontrakt med Os, og står kontraktstida ut, men no som hovudtrenar.

– I oppkøyringa trener 3. divisjonslaget saman med jenter 16 og jenter 17, mens 5. divisjon har sitt eige opplegg.

Tre damer i trenarteamet

Det er førebels ikkje bestemt kven har får med seg som assistenttrenar, men Ruth Moberg (J2002) og Anette Engelsen (J2003) blir med i trenargruppa gjennom sommaren.

I tillegg blir Line Hjelle Berentsen, som legg opp som spelar, men i trenarteamet.

– Eg er veldig glad for at Line blir verande i gruppa, både med hennar erfaring og Line som person, kan bety mykje for jentene før og under sesongstart.

Med 113 mål (20 av dei på straffe) på 19 kampar landa Line på 10. plass (av 224 spelarar) på toppskårarlista etter førre sesong. Nora Berge er neste frå Os på lista, ho kom på 20. plass med 85 (11 frå 7 meter) på like mange kampar.

Rutine ut og inn av stallen

Os mista 6-7 spelarar før førre sesong. Hjelle Berentsen (26) var eldste på laget gjennom 2018-2019.

Før sesongstart i 3. divisjon mister Os fleire spelarar; verken keeperane Marlene Sund og Ann Kristin Een Lyssand, Thiet Dang, Bente Mjanger, Mia Torp Nielsen eller Irmelin Munch Lund er med vidare.

Ayleen A. Hagen er i tenkeboksen, ifølgje Budal, og Nora Berge har mottatt interesse frå ein annan klubb, som ho kan koma til å melda overgang til.

– Men vi har heldivis med oss Anna Martine Særvold Mjånes, Regine Sten og Stine Eide vidare. I tillegg har eg 5-6 spelarar som har spelt seniorhandball i Os før, med erfaring frå 2. og 5. divisjon, som ligg an til comeback.

– Det er òg nokre spennande spelarar frå yngre årstrinn som nok vil melda seg på i løpet av oppkøyringa.

Budal seier han foreløpig ikkje har vurdert dei yngre opp mot kvarandre, men nemner nokre eksempel på spelarar som kan gjera seg gjeldande på 3. divisjonslaget; søstrene Lone ('01) og Mia Gabrielsen ('02) frå Lysefjorden, begge med god rekkevidde, og Sofie Evensen, som er treffsikker på ulike arenaer.

– Oppkøyringa er i gang, og vi er ei fin gruppe. Vi trener samla ut juni, så blir det eigentrening gjennom juli før vi går på for fullt igjen frå 1. august, fortel den nye hovudtrenaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.