Lokal | 20. feb. 2020

Os kyrkje 150 år: Mari Lyssand med tilbakeblikk i Tunet i kveld

Søndag 23. august fyller Os kyrkje 150 år. Det skal feirast med ulike arrangemang gjennom heile året.

Os kyrkje 150 år: Mari Lyssand med tilbakeblikk i Tunet i kveld
Mari Lyssand, her i intervju med NRK før talen i 2014, skal snakka om kyrkja sine siste 150 år i Os i kveld. (Foto: KVB)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 20. feb. 2020 14:14

Mari Lyssand skal i kveld starta markeringa av jubileumsåret til Os kyrkje ved å fortelja om kva Os-kyrkja har hatt å seia for osingane gjennom 150 år.

Ho skal fortelja litt om korleis livet var for osingane på den tida kyrkja var ny, og ein del om kva menneske som levde i Os og omegn på denne tida. Kva kyrkja betydde for innbyggjarane og kor samlande ho var for folket.

– Dette vert jo det første arrangemanget som er knytt opp i mot jubileumsåret til Os kyrkje som feirar 150 år i år. Eg har fått ganske frie tøylar til å fortelja om det eg finn interessant på den tida, og mitt utgangspunkt vert jo då naturlegvis Ossoga og Nils Tveit sitt blikk på tingenes tilstand, fortel Lyssand.

– Det vert naturleg at eg pratar om den kyrkja som stod der før den nye vart bygd, og bruken av denne. Korleis folk hadde det og korleis kyrkja var ein samlingsplass for folket. Og ikkje minst kva som gjorde at dei valde å byggja ny kyrkje i 1870. Så i all hovudsak blir det prat om tida før og rett etter den nye kyrkja vart teken i bruk, seier Lyssand.

Med krav om å gå i kyrkja

Frå 1730-talet var det eit påbod frå kongen i København om at alle måtte gå i kyrkja. Det påbodet vart seinare avskaffa, men kyrkja sto fortsatt sterkt for osingane.

– Lat oss sei det var cirka 2000 innbyggjarar i Os på den tida, og den nye kyrkja hadde plass til 795, så var det ein ganske stor prosentandel som du kunne samla i kyrkja, fortel Lyssand.

– Men sjølv om påbodet var vekke, så var kyrkja den plassen ein møtte folk på den tida. Å møta opp hadde høg prioritet hos mange.

«Det tok tid å koma seg frå Øvredalen og Øyane til kyrkja, spesielt då det ikkje var veg. Mange gjekk og rodde i fleire timar for å få med seg gudstenesta og denne viktige møteplassen» sa Mari i 17. maitalen i 2014.

Kyrkjebygget si historie

Det er ikkje bare Mari Lyssand som skal fortelja om kyrkjehistoria i Os,

Professor Nils Georg Brekke skal snakka om sjølve kyrkjebygget og det omfattande restaureringsarbeidet som vart gjort i kyrkja tidleg på 1970-talet. Arne Tveit skal fortelja om kva som er forandra i kyrkja den siste tida.

Møtet startar i Tunet kyrkje- og kultursenter. Her vert det servering av kaffi og kaffimat. Etterkvart held arrangementet fram i sjølve kyrkja.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.